Ny lovendring styrker barn sine rettar som pasientar
Frå 01.01.2018 blir barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 15.12.2017
Regjeringa har i statsråd vedteke at desse lovendringane skal tre i kraft frå 1. januar 2018:
- Barn sin rett til informasjon og rett til å bli høyrd når dei får behandling, skal gå fram direkte av lovteksten.
- Helsepersonell si plikt til å informera foreldre får eit unntak når tungtvegande omsyn til barnet taler mot at dei blir informert. Dette unntaket vil gjelde uavhengig av alderen til barnet.
- Barn sin rett til å bli høyrd når andre samtykker til helsehjelp på deira vegne blir styrka. Det skal stå i lova at barn skal bli høyrd frå dei er i stand til å danne seg eigne meningar om helsehjelpa. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller sju år. Når barn har fylt 12 år skal det bli lagt stor vekt på det barnet meiner.
- Helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken og barn som etterlaten etter foreldre eller søsken.
Dette er i hovudsak endringar i pasient- og brukarrettslova og helsepersonellova.
Under «Lenkjer» i denne nettsaka finn du departementet og Stortinget si handsaming av lovendringa.