Nytt verktøy for godt lokalt psykisk helse- og rusarbeid
Helsedirektoratet har publisert "Sammen om mestring", ein rettleiar for lokalt psykisk helse- og rusarbeid. Formålet med rettleiaren er å synliggjøre brukerane sine behov og understøtte det lokale psykiske helsearbeid og rusarbeidet for vaksne. Rettleiaren retter seg og mot dei distriktspsykiatriske senterane (DPS) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Med rettleiaren ynskjer Helsedirektoratet å klargjere nasjonale forventningar og stimulera til vidareutvikling og forbetring av tenestetilbodet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.05.2014
Rettleiaren legger særlig vekt på at:
- psykisk helse og rus blir sett i samanheng
- bruker- og mestringsperspektivet bør bli styrka
- betre samarbeid for å sikre heilskaplige og koordinerte tenester
Rettleiaren har eit omfattande innhald. Den vil mellom anna:
- beskrive tenestene, peiker på utfordringar og muligheiter
- skissere korleis tenestene kan legge til rette for gode bruker- og pasientløp
- vise at det er viktig med førebyggande arbeid og inkluderande lokalsamfunn
- klargjere lovgrunnlaget
- angi sentrale aktørar
- svare på «ofte stilte spørsmål»
- gi råd og anbefalingar
Lenke til rettleiaren finner du i menyen til høgre.