Matgledekorpset introdusert for pensjonistar i Bjerkreim

Eldre som bur heime er heilt sentralt i samarbeidet mellom Bjerkreim kommune og Matgledekorpset. Avtalen blei markert med eit stort pensjonisttreff i Vikeså.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.11.2020

Rett i underkant av 50 pensjonistar var samla på Samfunnshuset i Vikeså i førre veke. Dei fekk høyre om Matgledekorpset av Heidi Netland Berge, og om kvifor vi har så stort engasjement for eldre heimebuande og om dei komande inspirasjonssamlingane på nyåret. Sentralt tema er korleis vi kan stimulere til meir førebygging framfor behandling.

Ber dei eldre samla oppskrifter og dela kunnskapane sine

Kommunen stilte med både ordførar Kjetil Slettebø, kommunalsjef for levekår Øyvor Sønstabø, soneleiar Ellen Cecilie Vikeså og kjøkensjef Ann Karin Hammer. Ordførar Kjetil Slettebø oppfordra til å bruke norske råvarer og lokal mat som er trygg og god å ete, og han ba dei eldre om å samle på oppskrifter og overføre kunnskap om mat og tradisjonar til neste generasjonar.

Ann Kristin Hammer hadde laga til fantastiske smaksprøvar som kan fungere som både mellommåltid og dessertar. Det var byggryn med kesam og bringebær, fløyterand, og mykje meir.

 

Her finn du intensjonsavtalen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.