10 millionar fordelt til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

For å halde fram med å levere gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar, klimaendringar og strammare budsjett, er det behov for innovasjon og nytenking. Statsforvaltaren i Rogaland har no fordelt 10 millionar kroner til 18 fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2021

Det kom inn til saman 29 søknader frå 13 kommunar, med fleire samarbeidande kommunar. Det var mange sterke søknader, med tema som omfattar ulike fagområde.

I år har Statsforvaltaren lagt fem overordna prioriterte område til grunn for vurdering av søknadene: FNs berekraftsmål, digital forvaltning, klima og miljø, barn og unge, og samfunnstryggleik og beredskap. Alle prosjekta som blir tildelte midlar relaterer seg til ein eller fleire av desse områda.

Midla er fordelte på følgjande prosjekt

Prosjekt

Kommune

Tildeling kr

Nettverkskontakter Dalane barnevern

Eigersund mfl.

1 100 000

Barnehagemyndighetsrollen i jærkommunene

Gjesdal mfl.

1 400 000

Digital medvirkning for kartlegging av by-trær

Haugesund og Karmøy

290 000

Et felles løft for fremtiden - heltid gir bærekraft

Karmøy

1 200 000

Living lab – velferdsteknologi i praksis

Kvitsøy

240 000

Små kommuner – store fordeler? - Et prosjekt for systematisk evaluering og læring fra krisehåndteringen av Covid-19

Kvitsøy og Bokn

200 000

Implementering av BTI - bedre tverrfaglig innsats modell

Lund

300 000

Ungdomsløftet 2021 - Bredt og raskt på tvers!

Sandnes

300 000

En heldigital helsestasjon

Sokndal

100 000

Jeg kan! - Bruk av digitale hjelpemidler for å skape økt struktur og mestring hos brukere med psykisk utviklingshemming

Sokndal

45 000

Innovasjonskonferansen

Sola

75 000

Samarbeid om å møte barnevernsreformen

Sola og Randaberg

325 000

Digi Rogaland

Stavanger mfl.

1 500 000

«Kunnskapsbasert praksis som system for tjeneste –og kvalitetsutvikling; hvordan få dette til i praksis?

Stavanger mfl.

1 400 000

Interaktiv digital løsning for økt engasjement gjennom deling av klima- og miljøinspirasjon

Stavanger

500 000

DigiBarnevern

Stavanger mfl.

500 000

Digital håndbok for overgangen til et avkarbonisert samfunn

Utsira

425 000

Prosjekt Acos på Haugalandet

Vindafjord mfl.

100 000

SUM

 

10 000 000

Om prosjekta

Eigersund kommune får 1.100.000 kroner til prosjektet «Nettverkskontakter Dalane barnevern», i samarbeid med Lund og Sokndal. Gjennom prosjektet skal dei etablere to nettverkskontaktar som skal samarbeide med skular, barnehagar, helsestasjonar og kommuneadministrasjon, for å sikra riktig hjelp til riktig tid.

Gjesdal kommune er tildelt 1.400.000 kroner til «Barnehagemyndighetsrollen i jærkommunene.» Prosjektet er i samarbeid med Klepp, Time og Hå, med mål om at dei saman skal utvikle eigen kompetanse knytt til tilsyn og systemsikring av private og kommunale barnehagar.

Haugesund kommune får, i samarbeid med Karmøy kommune, 290.000 kroner til prosjektet «Digital medvirkning for kartlegging av by-trær», for blant anna registrering av eigen byøkologi.

Karmøy kommune er tildelt 1.200.000 kroner til prosjektet «Et felles løft for fremtiden - heltid gir bærekraft». Målet er å få etablert planlegging av arbeidstid i eit heiltidskulturperspektiv i kommunen.

Kvitsøy kommune får tildelt midlar til to prosjekt. 240.000 kroner blir tildelt «Små kommuner – store fordeler», i samarbeid med Bokn kommune. Kommunane skal saman etablere system og kultur for evaluering av beredskapshendingar, slik som utbrotet av covid-19.

Vidare får Kvitsøy 200.000 til prosjektet «Living lab – velferdsteknologi i praksis», der målet er å utvikla seg innan området for velferdsteknologi.

Lund kommune er tildelt 300.000 kroner til prosjektet «Implementering av BTI - bedre tverrfaglig innsats modell». Målet er å utvikle kvaliteten og å modernisere det tverrfaglege tenestilbodet.

Sandnes kommune får 300.000 kroner i tilskot til «Ungdomsløftet 2021 - Bredt og raskt på tvers!», for å iverksette tiltak for å hjelpe ungdom som har det vanskeleg på grunn av smitteverntiltaka.

Sokndal kommune er tildelt 100.000 kroner for å innføre «Heldigital helsestasjon», og 45.000 kroner til prosjektet «Jeg kan! - Bruk av digitale hjelpemidler for å skape økt struktur og mestring hos brukere med psykisk utviklingshemming.»

Sola kommune er tildelt 75.000 kroner for å arrangere og digitalisere Innovasjonskonferansen i 2022. Vidare får dei 320.000 kroner til prosjektet «Samarbeid om å møte barnevernsreformen», som er i samarbeid med Randaberg kommune og Rogaland revisjon. Prosjektet dreier seg om å kartlegge og greia ut moglegheitene for faglege og økonomiske gevinstar ved samarbeid om å møte barnevernreforma.

Stavanger kommune er tildelt midlar til fire prosjekt. Fellesprosjektet Digi Rogaland får 1.500.000 kroner i prosjektmidlar. Tildelinga gjeld alle kommunane i Rogaland, men blir betalt ut til Stavanger kommune. Til saman har denne felles satsinga blitt tildelt 11,1 mill. i skjønnsmidlar over fem år.

Vidare blir 1.400.000 kroner tildelt til prosjektet «Kunnskapsbasert praksis som system for tjeneste – og kvalitetsutvikling; hvordan få dette til i praksis?» Prosjektet er eit samarbeid mellom Stavanger, Sandnes, Strand, Hjelmeland, Hå, Gjesdal, Time, Klepp, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Bjerkreim, Lund, Sokndal og Eigersund. Kommunane skal prøve ut nye modellar for å få kunnskapsbasert praksis til å bli den valde tilnærminga som grunnlag for faglege avgjerder i tenesteutøvinga.

Stavanger kommune får 500.000 kroner til prosjektet DigiBarnevern, som er i samarbeid med Trondheim, Asker, Bergen og Bærum. Kommunane skal velje ut ein leverandør som skal utvikle ein ny fagløysing til bruk i barnevernet.

Vidare får Stavanger kommune 500.000 kroner prosjektet «Interaktiv digital løsning for økt engasjement gjennom deling av klima- og miljøinspirasjon.» Gjennom prosjektet skal dei utvikle ein digital løysing for å hente og stille saman gode historier om klima- og miljøval.

Utsira kommune er tildelt 425.000 kroner for prosjektet «Digital håndbok for overgangen til et avkarbonisert samfunn.» Målet er å utvikle ei interaktiv digital løysing der kommunen skal arbeide for å nå måla i kommunen sin klima- og miljøplan, ved å engasjere fleire i å gjere gode val for klima og miljø i kvardagen.

Vindafjord kommune får 100.000 kroner for å sluttføre «Prosjekt Acos på Haugalandet», som er eit samarbeid mellom Vindafjord, Bokn, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sveio og Etne. Målet til prosjektet er å etablere eit nytt samarbeid og fagleg nettverk mellom kommunane om innkjøp og drift av saksog arkivsystem. Prosjektet blei tildelt 200.000 kroner i fjor.

For meir informasjon om føresetnader for tildeling og krav om rapportering, sjå brev om tildeling til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.