10 millionar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2022
Innovasjon og nytenking er naudsynt for at kommunane skal halda fram med å levera gode tenester til innbyggarane samstundes som arbeidet med å oppnå FNs berekraftsmål følgjes opp. Statsforvaltaren i Rogaland har derfor sett av 10 mill. kroner av skjønnsramma til kommunale prosjekt for fornying og innovasjon (prosjektskjønn) i 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Formål med prosjektskjønnet er å stimulere kommunane til å kunne jobbe med fornying og innovasjon, og bidra til at kommunane kan teste ut nye løysingar i si verksemd. Formål for prosjekta skal vere å styrke kommunane i si rolle som tenesteprodusent, myndigheit, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutviklar.
Søknadsfrist: 18. februar 2022
Berekraftige velferdssamfunn som prioritert område i 2022
Regjeringa har bestemt at FNs berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar. FNs 17 berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Planlegging er eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla, og fleire av måla kan berre bli oppnådd ved hjelp av lokal innsats.
Statsforvaltaren i Rogaland vil spesielt framheva berekraftige velferdssamfunn som eit prioritert område for prosjektskjønn i 2022.
Berekraftige velferdssamfunn kan relaterast til fleire av berekraftsmåla. Dette kan innebera å møta dei demografiske utfordringane som samfunnet står i no, med omstilling frå færre barn til fleire eldre. For eksempel har KS utarbeida ein handbok for aldersvennlege lokalsamfunn - korleis kan kommunen ta denne i bruk for ein slik omstilling? 2022 er frivilligheita sitt år – har kommunane eit solid system for å mobilisere og dra nytte av frivillig arbeid?
Samarbeid på tvers av kommunar og sektorar er naudsynt for å få til den nyskapinga som skal til for å oppnå berekraftige velferdssamfunn. For å stimulere til samarbeid vil Statsforvaltaren derfor spesielt prioritere å støtte samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar.
Kommunane står fritt til å relatere sine prosjekt til det prioriterte området. Det må komme tydeleg fram av søknaden korleis prosjektet relaterer seg til det prioriterte området.
Les heile utlysinga inkludert retningslinjer under dokument til høgre. Søknad om innovasjonsmidlar må sendast via felles søknads- og rapporteringsportal for prosjektskjønn - sjå lenkje til høgre.