Fylkesmannen opphevar val av tre arbeidsutval i Stavanger
Årsaka er manglande kjønnsrepresentasjon. Tre bystyremedlemmer sendte inn lovlegklage på bystyret sine vedtak 19. oktober og 23. november 2015.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Klagen dreidde seg om val av arbeidsutval knytt til Kommunalstyret for miljø og utbygging og Kommunalstyret for oppvekst. Fylkesmannen har vidare, på eige initiativ, ført lovlegkontroll med arbeidsutvalet knytt til Kommunalstyret for finans.
For dårleg kjønnsbalanse
I Fylkesmannen sitt vedtak av 8. desember 2015 blei bystyret sine val av dei tre arbeidsutvala oppheva på grunn av manglar ved kjønnsrepresentasjonen. Kvart av utvala har fire medlemmer og fire varamedlemmer. Det går fram av kommunelova § 36 at eit utval på fire medlemmer og fire varamedlemmer skal ha to av kvart kjønn på medlems- og varamedlemsplass. Det største avviket frå regelen hadde arbeidsutvalet i Kommunalstyret for miljø og utbygging som hadde fire menn på medlemsplass og fire kvinner på varamedlemsplass.
Stemmetala må presiserast
Fylkesmannen hadde også merknader til bystyret sine val av Kommunalstyra for miljø og utbygging, Kommunalstyret for oppvekst og Kommunalstyret for levekår, då stemmetala ikkje gjekk fram av protokollen. Det er eit vilkår etter kommunelova at vala er samrøystes, dersom vala skjer etter reglane for avtaleval. Fylkesmannen føreset at bystyret presiserer vedtaka, slik at det går fram av protokollen at vala var gjort etter samrøystes vedtak.
Vedtaket til Fylkesmannen i Rogaland finn du i høgremargen.