Lågare folketilvekst i 2016
I 2016 som året før auka folketalet i Rogaland mindre enn landet. Tidlegare har det vore ein lang periode med større vekst enn landet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland hadde 0,4 % vekst i folketalet i 2016, mot 0,9 % for landet. For 2015 var tilsvarande tal 0,8 og 0,9 %. I 2014 var veksten 1,5 % og året før 1,7 %, medan landsauken begge desse åra var 1,1 %.
Folketalet auka med 1 849 personar til 472 024. Størst relativ vekst var det i Kvitsøy med 1,9 % (10 personar) og Strand med 1,6 %.
Kommunevise tal (gruppert etter vekst i 2016).
01.01.2017 |
% siste år |
% siste 5 år |
% siste 10 år |
endr.innb. siste år |
|
Kvitsøy |
534 |
1,9 |
2,9 |
1,3 |
10 |
Strand |
12 662 |
1,6 |
9,8 |
18,8 |
198 |
Randaberg |
10 873 |
1,3 |
5,9 |
14,4 |
136 |
Hå |
18 800 |
1,1 |
9,0 |
24,7 |
209 |
Tysvær |
11 041 |
1,1 |
7,0 |
16,1 |
116 |
Sauda |
4 760 |
1,1 |
0,1 |
0,6 |
50 |
Sandnes |
75 497 |
0,9 |
11,3 |
24,8 |
677 |
Rennesøy |
4 892 |
0,7 |
11,5 |
38,7 |
36 |
Haugesund |
37 166 |
0,6 |
5,9 |
15,1 |
215 |
Forsand |
1 245 |
0,6 |
4,6 |
12,9 |
7 |
Utsira |
201 |
0,5 |
-7,8 |
-6,1 |
1 |
Lund |
3 259 |
0,5 |
2,4 |
4,5 |
16 |
Vindafjord |
8 828 |
0,5 |
4,5 |
8,8 |
40 |
Time |
18 656 |
0,5 |
11,3 |
24,0 |
84 |
Finnøy |
3 235 |
0,4 |
9,5 |
21,1 |
14 |
Gjesdal |
11 902 |
0,4 |
10,4 |
23,7 |
49 |
Klepp |
19 042 |
0,4 |
7,3 |
24,7 |
72 |
Karmøy |
42 229 |
0,1 |
4,2 |
10,1 |
42 |
Sokndal |
3 316 |
0,1 |
1,8 |
1,5 |
3 |
Stavanger |
132 729 |
0,1 |
4,1 |
13,1 |
85 |
Bjerkreim |
2 826 |
0,0 |
3,2 |
12,7 |
1 |
Eigersund |
14 899 |
-0,3 |
2,9 |
9,6 |
-43 |
Sola |
26 016 |
-0,3 |
9,0 |
25,9 |
-80 |
Hjelmeland |
2 708 |
-1,1 |
-3,5 |
0,0 |
-29 |
Bokn |
855 |
-1,2 |
0,5 |
7,8 |
-10 |
Suldal |
3 853 |
-1,3 |
0,2 |
-0,5 |
-50 |
Rogaland |
472 024 |
0,4 |
6,5 |
16,7 |
1 849 |
Rogaland u. Stvgr. |
339 295 |
0,5 |
7,5 |
18,1 |
1 764 |
Landet |
5 258 317 |
0,9 |
5,5 |
12,3 |
44 332 |
*) 1. januar 2017 blei kommunegrensa mellom Sandnes og Sola endra. Eit område med 35 personar blei overført frå Sandnes til Sola.
Siste 10 åra har det vore størst vekst i Rennesøy, Sola, Sandnes, Klepp og Hå. Suldal, Bokn og Hjelmeland hadde størst relativ nedgang i folketalet i fjor. Siste 10 åra har folketalet gått ned i Utsira og Suldal, mest i Utsira med 6,1 %. Hovudtendensen er som før at veksten er størst i dei sentrale kommunane og at det er tilbakegang eller svak vekst i utkantane. Ein tendens er også auka vekst dei seinare åra i meir mellomliggjande kommunar, slik som Strand, Finnøy og Tysvær.
Alderssamansetjing
Dei nyaste folketala frå SSB viser m.a. at Rogaland framleis har høgast del unge under 15 år. Berre Oslo har lågare del 67 år og eldre, av fylka i landet. Dei under 15 år utgjer 21,3 % i Rogaland mot 19,0 % for landet, aldersgruppa 67 år og eldre utgjer 12,0 % i Rogaland og 14,6 % i landet.
Av kommunane har Rennesøy, Gjesdal og Hå størst del unge (under 15 år), medan Kvitsøy, Sauda og Bokn har størst del eldre (67+ år). Berre tre kommunar har lågare del unge enn landssnittet.
Utvikling i folketal og aldersgrupper påverkar inntektene til kommunane gjennom rammeoverføringa frå staten. Særleg viktig vil utviklinga i talet på barn og unge under 16 år og dei som er 67 år og eldre. Det er desse gruppene som gir mest utteljing i inntektssystemet for kommunane, sidan dei er dei viktigaste brukarane av kommunale tenester. Fram til 2009 blei rammeoverføringa omrekna i budsjettåret på grunnlag av folketal og tal for aldersgrupper pr 1. januar i budsjettåret. Frå og med 2009 gjeld denne omrekninga ikkje innbyggjartilskotet og utgiftsutjamninga, som nå blir fastsett på grunnlag av folketal 1.juli året før, medan inntektsutjamninga framleis blir rekna på grunnlag av folketalet 1.1. Nye folketal pr. 1.1.17 påverkar dermed i seg sjølv berre inntektsutjamninga for 2017. Demografiske tendensar vil likevel seia noko om kva utvikling ein kan venta i rammeoverføringa komande år.
Unge og eldre sortert etter del unge (% 1.1.2017):
0-15 år |
67+år |
0-15 år |
67+år |
|||
Rennesøy |
24,7 |
10,2 |
|
Karmøy |
21,1 |
14,0 |
Gjesdal |
24,2 |
8,7 |
Utsira |
20,9 |
15,4 |
|
Hå |
24,0 |
11,3 |
Lund |
20,7 |
15,1 |
|
Forsand |
23,9 |
14,4 |
Vindafjord |
20,5 |
14,9 |
|
Tysvær |
23,9 |
13,2 |
Suldal |
20,3 |
17,5 |
|
Bjerkreim |
23,8 |
11,8 |
Eigersund |
20,2 |
14,4 |
|
Klepp |
23,1 |
11,2 |
Stavanger |
19,7 |
11,5 |
|
Time |
22,9 |
11,3 |
Bokn |
19,6 |
17,8 |
|
Strand |
22,8 |
13,1 |
Kvitsøy |
18,9 |
19,9 |
|
Sola |
22,6 |
10,5 |
Haugesund |
18,7 |
13,6 |
|
Randaberg |
22,5 |
11,8 |
Sauda |
18,4 |
18,1 |
|
Sandnes |
22,4 |
10,3 |
||||
Hjelmeland |
21,6 |
17,4 |
Rogaland |
21,3 |
12,0 |
|
Finnøy |
21,4 |
14,4 |
Rog. u.Stvgr. |
21,9 |
12,2 |
|
Sokndal |
21,3 |
16,6 |
|
Landet |
19,0 |
14,6 |
Kjelde SSB