Skjønstilskot til arbeidet med kommunereform
Fylkesmannen har fordelt 2,5 mill. kr av skjønsramma for 2015 til 18 kommunar med bakgrunn i arbeidet med kommunereform. Den eine av desse får midlane på vegne av 8 kommunar som har eit samarbeid.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fordelinga er slik:
Kommune |
1000 kr |
|
1101 |
Eigersund |
100 |
1106 |
Haugesund |
100 |
1111 |
Sokndal |
100 |
1112 |
Lund |
100 |
1114 |
Bjerkreim |
100 |
1121 |
Time *) |
800 |
1129 |
Forsand |
100 |
1130 |
Strand |
100 |
1133 |
Hjelmeland |
100 |
1134 |
Suldal |
100 |
1135 |
Sauda |
100 |
1141 |
Finnøy |
100 |
1142 |
Rennesøy |
100 |
1144 |
Kvitsøy |
100 |
1146 |
Tysvær |
100 |
1149 |
Karmøy |
100 |
1151 |
Utsira |
100 |
1160 |
Vindafjord |
100 |
2 500 |
*) jf. nedanfor
Bakgrunnen for tildelinga er arbeidet med kommunereform. Grunnlaget er dei tilbakemeldingar og rapporteringar som er gitt og ein har då kome fram til eit beløp på kr 100 000 for alle kommunar som har dokumentert at dei er med i denne prosessen. For Time sin del har vi lagt til grunn at kommunen har sekretariatet for eit kommunereformprosjekt for kommunane Sandnes, Stavanger, Hå, Klepp, Time, Gjesdal, Sola og Randaberg, og at tildelinga då er ei samla tildeling for desse kommunane.
Som opplyst i brev frå kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i august 2014, vil kommunen elles kunne få dekka kr 100 000 i utgifter knytt til informasjon og folkehøyring. Dette kjem i tillegg til eventuelle skjønsmidlar. KMD legg grunn at kommunen har gjort eit konkret kommunestyrevedtak om vegen vidare. Vi kjem tilbake med meir informasjon om kriterier for denne tildelinga, som for dei fleste kommunar først vil vera aktuelt i 2016.
Vi gjer elles merksam på at desse midlane vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane, og ikkje som ei særskilt utbetaling. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider.