Skjønstilskot til språkdeling 2017
Fylkesmannen har fordelt 9,4 mill. kr av skjønsramma for 2017 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fordelinga er slik:
Kommune |
|
1000 kr |
|
1120 |
Klepp |
2 800 |
|
1121 |
Time |
200 |
|
1122 |
Gjesdal |
1 100 |
|
1124 |
Sola |
1 000 |
|
1130 |
Strand |
1 800 |
|
1142 |
Rennesøy |
700 |
|
1146 |
Tysvær |
1 800 |
|
|
sum |
9 400 |
|
Bakgrunnen for tildelinga er at desse kommunane har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling i grunnskulen. I opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe.
Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs. at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle fag utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.
Det har vore ein viss auke i talet på ekstragrupper dei siste par åra og samla tildeling til dette føremålet er dermed auka, medan utteljinga pr. gruppe blir noko mindre.
Det står etter dette att 6,6 mill. kr av skjønsramma for 2017. Dette vil i hovudsak bli brukt til kommunale innovasjonsprosjekt, det vil bli lyst ut ein ny søknadsrunde i nær framtid. Vi vil likevel halda att 3,35 mill. til oktober (5 % av totalramma), slik som føresett i retningslinjene frå departementet.