21 kommunar er framleis grøne kommunar i KS sin analyse
I år er ein av kommunane i Rogaland blitt ein raud kommune i analysen til KS. Dei fleste kommunane er likevel grøne kommunar også i år. Det viser at dei aller fleste kommunane i Rogaland er vurderte til å ha større økonomisk handlingsrom.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
KS gjer kvart år ein analyse av i kva grad kommunane i landet har økonomisk handlingsrom. Den siste analysen er gjort på konserntal for 2022. Kommunane er delte inn i tre kategoriar: kommunar med avgrensa økonomisk handlingsrom (raude), kommunar med moderat økonomisk handlingsrom (gule) og kommunar med større grad av økonomisk handlingsrom (grøne).
Følgjande kriterium og inndeling er brukt i analysen
I den årlege analysen til KS vert kommunane vurderte ut i frå følgjande indikatorar (som del av driftsinntekter):
- Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
- Netto lånegjeld trekt i frå ubundne fondsavsetningar
- Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsrekneskapen til seinare inndekning
I fjor blei analysen av økonomisk handlingsrom omarbeidd frå tidlegare år. Endringane innebar at det skulle reknast ein eigen indeks for økonomisk handlingsrom per kommune ut i frå summen av dei tre indikatorane nemnt over. Same tilnærming er brukt i år, og tal frå 2022-analysen vil dermed vere samanliknbare med 2021-analysen.
Den samla poengsummen rangerast på følgjande måte:
- Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks lågare enn 1 (raudt)
- Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2 (gult)
- Større grad av økonomisk handlingsrom – indeks større enn 2 (grønt)
Resultatet for kommunane i Rogaland
I Rogaland er det éin kommune som no er på raudt, med avgrensa økonomisk handlingsrom. Dette er Randaberg kommune, som i fjor låg veldig nær grensa om å vere på raudt nivå. Rogaland har óg ein kommune på gult, med moderat økonomisk handlingsrom. Dette er Strand kommune. Resten av kommunane i Rogaland er på grønt.
Den viktigaste forklaringa på at desse to kommunane er på raudt og gult er høg lånegjeld. I tillegg har begge kommunane hatt ein nedgang i netto driftsresultat fra 2021 til 2022.
Randaberg kommune ligg på 0,98 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 1,01.
Strand kommune ligg på 1,07 på handlingsromsindeksen. I fjor låg kommunen på 1,71.
Samla sett har 14 kommunar lågare handlingsromsindeks i år, samanlikna med analysen i fjor. 9 kommunar har høgare handlingsromsindeks enn i fjor.
Komplett kommuneoversikt for Rogaland
Kommune | Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter | Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringfond i prosent av driftsinntekter | Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter | Handlingsrom indeks |
Eigersund | 1,6 | 94,0 | 20,2 | 2,74 |
Stavanger | 6,3 | 71,6 | 16,0 | 4,21 |
Haugesund | 2,7 | 74,2 | 13,3 | 2,67 |
Sandnes | 2,9 | 76,4 | 19,2 | 3,35 |
Sokndal | 0,6 | 46,7 | 20,1 | 3,18 |
Lund | 2,6 | 68,8 | 12,1 | 2,59 |
Bjerkreim | 9,2 | 27,6 | 29,2 | 7,38 |
Hå | 6,8 | 67,8 | 22,6 | 5,18 |
Klepp | 6,0 | 57,7 | 18,7 | 4,64 |
Time | 4,6 | 84,1 | 13,0 | 3,10 |
Gjesdal | 3,7 | 78,7 | 14,2 | 3,03 |
Sola | 9,9 | 60,4 | 15,5 | 5,54 |
Randaberg | 1,6 | 110,6 | 6,9 | 0,98 |
Strand | 0,7 | 117,0 | 11,3 | 1,07 |
Hjelmeland | 6,1 | 61,1 | 29,0 | 5,77 |
Suldal | 27,1 | 19,0 | 55,1 | 16,37 |
Sauda | 2,5 | 76,5 | 19,3 | 3,23 |
Kvitsøy | 13,4 | 46,8 | 43,0 | 9,99 |
Bokn | 7,4 | 72,4 | 39,7 | 7,20 |
Tysvær | 8,9 | 77,4 | 20,6 | 5,49 |
Karmøy | 3,9 | 57,8 | 17,3 | 3,79 |
Utsira | 19,7 | 44,6 | 35,2 | 11,26 |
Vindafjord | 6,5 | 52,8 | 21,8 | 5,24 |
Sjå lenke til KS sin artikkel med resultata av analysen for alle kommunar i landet (rekneskapstal for 2022) og med ei forklaring av korleis dei kjem fram til verdiane i sjølve indeksen.
Vi har også lenka til artikkelen vi skrev i fjor med resultata for kommunane i Rogaland ut frå rekneskapstala for 2021.