Fordeling av ekstra skjønnstilskot til smittevern etter ny ekstra fordeling

I slutten av november 2020 kunngjorde Fylkesmannen ekstra skjønntilskot til smittevern og TISK-oppfølging som følgje av utbrot av covid-19. Vi har no fordelt 41 mill. kroner ut til kommunane i Rogaland, med atterhald om Stortinget si behandling av Prop. 48 S.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.12.2020

Skjønnstilskotet er fordelt til kommunane i Rogaland slik det kjem fram av tabellen under:

Kommunenr

Kommunenavn

Skjønn i heile kroner

1101

Eigersund

     1 500 000

1103

Stavanger

   15 000 000

1106

Haugesund

     4 000 000

1108

Sandnes

     9 000 000

1111

Sokndal

        400 000

1112

Lund

1114

Bjerkreim

1119

1120

Klepp

1121

Time

     1 000 000

1122

Gjesdal

     1 500 000

1124

Sola

1127

Randaberg

1130

Strand

     1 500 000

1133

Hjelmeland

        700 000

1134

Suldal

1135

Sauda

     1 500 000

1144

Kvitsøy

1145

Bokn

1146

Tysvær

     1 500 000

1149

Karmøy

1151

Utsira

1160

Vindafjord

     3 400 000

 

Sum Rogaland

   41 000 000

Om fordelinga

I samsvar med retningslinjer gitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal fordelinga av skjønnstilskotet rettes mot dei kommunane med dei høgaste utgiftene til smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av utbrot av covid-19 per innbyggar. Kostnadene per innbyggar er ikkje ein indikator som åleine er representativ for behovet for skjønnstilskot, men har i fordelinga vore ei rettesnor for fordelinga av tilskot.

For å få ein mest mogleg rettferdig og riktig fordeling har vi i tillegg brukt informasjon om talet på smitta i kommunane, saman med vår kunnskap om kva kommunar som har hatt store eller ressurskrevjande utbrot. Fordelinga er òg sett i samanheng med tidlegare fordelingar av skjønnstilskot, og i kor stor grad kommunane er kompenserte for sine koronarelaterte meirkostnader. Kommunar som har berekna at dei er fullt ut kompenserte for sine meirkostnadar har ikkje fått skjønnstilskot. Vi har gjort unntak for enkelte kommunar som har store kostnadar knytt til oppfølging av TISK-strategien ved større virusutbrot, i tråd med fordeling av skjønnstilskot til TISK ved førre fordeling.

Nokre kommunar har bedt Fylkesmannen om å grunngje kva delar av søknadene vi imøtekjem og med kva beløp. For Strand kommune er 500 000 tildelt refusjon for kostnader til smittevern i private barnehagar. Utover dette vil ikkje Fylkesmannen legge rammar for kva type kostnader til smittevern kommunane skal bruke skjønnstilskotet på.

Problemstillingar knytt til vurdering av skjønnstilskot

I søknadene melder fleire kommunar om ulike problemstillingar knytt til vurdering av kostnadene. Dette inkluderer mellom anna korleis vurdere reduksjon i skatteinntekter som følgje av virusutbrotet, korleis handtera indirekte kostnader som følgje av omdisponering av ressursar og økt press på tenestene, og planlagde effektiviseringstiltak som ikkje har blitt satt i gang. Fylkesmannen har ikkje tatt omsyn til indirekte kostnader utover reduserte skatteinntekter i fordelinga, men har vidareformidla problemstillingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.  

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.