Økonomiske tiltak frå regjering og Storting retta mot kommunane i samanheng med virusutbrotet

Det er behandla ei rekkje Stortingsproposisjonar dei siste vekene som følgje av virusutbrotet av covid-19 med økonomiske tiltak også retta mot kommunane. Det kan vere lett å miste oversikta over alle tiltaka. Denne saka lyfter fram dei aller viktigaste tiltaka som er komne for å avhjelpe den økonomiske situasjonen for kommunane så langt, med fokus spesielt på kommunane i Rogaland. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.04.2020

Prop. 52 S (2019-2020)

Auka skjønnstilskot til kommunane med 250 millionar kroner på landsbasis. Av dette fordelte Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) ut 200 millionar kroner, 17 881 000 kroner til Rogaland. Det er Fylkesmennene som fordeler skjønnstilskot vidare ut til kommunane. Fylkesmannen i Rogaland har fordelt dette skjønnstilskotet vidare til kommunane i Rogaland, sjå lenkje til eiga sak.

Prop. 57 S (2019-2020)

Her blir prosessen omtala med overføring av skattekrevjinga frå kommunane til Skatteetaten. Tidspunktet for overføringa blir utsett til 1. november 2020. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i samanheng med revidert statsbudsjett 2020 med konsekvensar av tidsforskyvinga. Som følgje av utsetjinga vil uttrekket frå kommuneramma for 2020 bli endra.

Prop. 67 S (2019-2020)

Kommunane fekk auka rammetilskotet for 2020 med 3,75 milliardar kroner på landsbasis. Midlane er forskotering av reduserte inntekter og meirutgifter for kommunane. Fordeling med innbyggjartilskot etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet. Kommunane i Rogaland fekk av desse midlane 332 millionar kroner. Fordelinga til den einskilde kommunen framkjem i sak på KMD sin sider, sjå lenkje.

Med denne proposisjonen kom det også ein ny auke av skjønnstilskot til kommunane med 150 millionar kroner på landsbasis (totalt blei det då gitt 400 millionar kroner i ekstra skjønnstilskot). KMD fordelte ut 200 millionar kroner, desse nye 150 millionane + dei 50 millionane som var heldt igjen frå førre løyving. Summen til Rogaland blei lik som sist, 17 881 000 kroner. Fylkesmannen i Rogaland har per i dag ikkje fordelt desse midlane vidare ut til kommunane. 

I tillegg fekk Kommunalbanken auka eigenkapital på 750 millionar kroner. Dette for banken skal kunne refinansiere delar av lån som kommunar har oppteken i kapitalmarknaden.

Prop. 69 L (2019 – 2020)

Mellombelse lovreglar som gir rekneskapsrevisor lengre tid til å leggje fram revisjonsmeldinga for 2019 for kommunane, til 15. juni 2020. Fristen for å vedta årsrekneskapen og årsmeldinga for 2019 er forlenga til 15. september 2020. Sjå lenkje til sak om den mellombelse lova.

Prop. 73 S (2019-2020)

Stortinget har vedteke å auke rammetilskotet til kommunane med 1 milliard kroner for å kompensere for bortfallet av foreldrebetaling i barnehage og skulefritidsordning. Sjå lenke for fordelinga av desse midlane.   

Det er også kome ei eiga mellombels forskrift som regulerer korleis kommunane skal kompensere dei private barnehagane for inntektsbortfallet, sjå lenkje.

Stortinget har vedteke følgjande oppmodingar til regjeringa

  • "Stortinget ber regjeringen om å kompensere kommuner og fylkeskommuner for urimelige virkninger av skattesvikt, inntektsbortfall og merutgifter i forbindelse med håndtering av smittesituasjonen og endret økonomisk utvikling siden vedtatt statsbudsjett".
  • "Stortinget ber regjeringen redusere arbeidsgiveravgiften med 4 prosentpoeng i 2. termin".
  • "Stortinget ber regjeringen i samråd med KS komme tilbake til Stortinget med en endelig modell for hvordan tiltakspakken for aktivitetsfremmende tiltak fordeles."

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med konkrete forslag til oppfølging av oppmodingsvedtaka.

Anna

Det er ikkje gjort endringar eller unnatak i økonomireglane i kommunelova, for eksempel når det gjeld for garantiar, lån og skilje drift/investering.

Inntekter og utgifter som har tilknyting til koronakrisa, skal rapporterast i samsvar med KOSTRA-forskrifta/KOSTRA-kontoplanen på lik linje med andre inntekter og utgifter i kommunane. Dette er viktig for at grunnlaget for KOSTRA-nøkkeltala skal bli mest mogeleg riktig.

Framlegg av kommuneproposisjonen 2021 og revidert statsbudsjett 2020

Dato for framlegg av kommuneproposisjonen for 2021 og revidert statsbudsjett for 2020 er 12. mai 2020. Innlegg blir strøymt og kan følgjast direkte eller spelast av i etterkant.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.