Skjønstilskot til språkdeling 2019
Fylkesmannen har fordelt 9,6 mill. kr av skjønsramma for 2019 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bakgrunnen for tildelinga er at desse kommunane har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling i grunnskulen. I opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe.
Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs. at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle fag utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.
Færre grupper
Det har vore ein reduksjon i talet på ekstragrupper frå i fjor. Samla tildeling til dette føremålet er dermed redusert, medan utteljinga pr. gruppe blir noko høgare samanlikna med i fjor.
Det står etter dette att kr. 7,6 mill. av skjønsramma for 2019. Dette vil i hovudsak bli brukt til kommunale innovasjonsprosjekt, det vil bli lyst ut ein ny søknadsrunde i nær framtid. Vi vil halde att kr. 3,38 mill. til oktober (5% av totalramma), slik som føresett i retningslinjene frå departementet.
Fordelinga er slik:
kommune | 1000kr | |
1120 | Klepp | 4000 |
1121 | Time | 400 |
1122 | Gjesdal | 300 |
1124 | Sola | 1100 |
1130 | Strand | 1800 |
1142 | Rennesøy | 500 |
1146 | Tysvær | 1500 |
sum | 9600 |