Statsbudsjettet for 2024
Regjeringa la 6. oktober 2023 fram forslag til statsbudsjett for 2024 (Prop. 1S 2023-2024). Vi gir her eit samandrag av kommuneopplegget, viktige lenkjer og nyttige rekneark frå "Grønt hefte" for kommunane i Rogaland.
På statsbudsjettet.no finn du alle dokumenta og pressemeldingane frå departementa. Særleg aktuelle er Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) sitt budsjettforslag og «Grønt hefte», den berekningstekniske dokumentasjonen som viser fordeling av rammetilskotet for den enkelte kommune. Bruk gjerne fylkesoversikta for å finne samla informasjon om regjeringa sine foreslåtte tiltak og satsingar per fylke, saman med informasjon om økonomi og nøkkeltal for kommunane.
Kommuneøkonomien – solid, men med større variasjoner
I 2022 hadde kommunesektoren eit samla driftsresultat på 3,6 prosent. Det er godt over tilrådinga på 2 prosent frå Teknisk berekningsutval for sektoren samla; 1,75 prosent for kommunane og 4 prosent for fylkeskommunane.
Disposisjonsfonda ved utgången av 2022 var på nærare 100 milliardar kroner, det høgste nokosinne.
Nasjonalt er det større variasjon i driftsresultat mellom kommunane enn tidlegare år. Andelen av kommunane som hadde eit negativt driftsresultat auka til omlag 20 prosent i 2022, frå 12 prosent i 2021. I tillegg er det nokre kommunar som har eit lågt eller ingen disposisjonsfond. Havbruksfondet, høge straumprisar og meirskatteauke, som igjen var særleg knytt til eigarinntektar, påvirka kommuneøkonomien betydeleg i 2022. Dette er forhold som gir ulike utslag hos kommunane.
I Rogaland har dei fleste kommunane solide disposisjonsfond. Ingen av kommunane i Rogaland er i ROBEK.
Utsiktene for kommunane for 2023 er vesentleg betra frå revidert nasjonalbudsjett
Skatteinngangen til kommunesektoren for 2023 ligg an til å bli 4,1 milliardar kroner høgare enn venta. Dette må sjåast i samanheng med høgare løns- og sysselsetjingsvekst. Vidare er kostnadsveksten for 2023 justert ned med 3,2 milliardar kroner. Lågare energiprisar er hovudforklaringa for reduksjonen i kostnadsanslaga. Samla ligg det an til at kommunesektoren får 7,3 milliardar kroner meir i 2023 enn tiltenkt i revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Kommuneopplegget 2024
Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 6,44 milliardar kroner, det er høgare enn øvre grense i intervallet som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2024. Det kjem av at veksten i sektoren sine samla pensjonskostnader no er anslått høgare enn til kommuneproposisjonen.
Veksten i demografi- og pensjonskostnadene er anslått til om lag 5,9 milliardar kroner. Veksten sikrar at sektoren får dekt auka kostnader til demografi og pensjon, i tillegg til eit noko auka handlingsrom til å styrke tenestetilbodet.
I veksten til kommunane er 150 millioner kroner grunngitt med satsing på psykisk helse og rus og 100 millionar kroner fordelt til dei kommunane som taper mest på modellen for gradert basiskriterium. I veksten til fylkeskommunane er 300 millionar kroner grunngitt med omlegging av inntektssystemet. I tillegg kjem 40 millionar kroner til helsestasjon- og skulehelsetenester.
Kommunal deflator for 2023 og 2024
For 2023 er kostnadsauken nedjustert frå 5,2 prosent i revidert nasjonalbudsjett for 2023 til 4,5 prosent per no. Dette er på grunn av lågare prisauke på varer og tenester, i hovudsak som følgje av lågare energipriser. Også ei moderat utvikling i byggekostnader og transport trekker ned.
For 2024 er den anslåtte kommunale deflatoren 4,3 prosent.
Skattøyren 2024
Den kommunale skattøyren fortel kva prosentdel av skatt på alminneleg inntekt for personlege skattytarar som fell til kommunesektoren. Skattøyren vert sett med sikte på at skatteinntektene skal utgjere 40 prosent av kommunane sine samla inntekter. Skattøyren for kommunane vert sett til 10,95 prosent, ei endring frå 2023 på -0,20 prosentpoeng. For fylkeskommunane vert skattøyren sett til 2,35 prosent, ei endring frå 2023 på -0,10 prosentpoeng. Gjeldande skattøyrar ville gitt ein litt for høg skatteprosentdel til kommunane og fylkeskommunane i 2024.
Kommunesektoren sine inntekter frå skatt på inntekt og formue er med dette opplegget rekna til å utgjere 263,5 milliardar kroner i 2024, ein nominell auke på 5,7 prosent frå 2023.
Skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2024
I Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen for 2024 fekk KDD fullmakt til å fordela 1 milliard i skjønnstilskot. Basisramma for kommunane er sett til 800 millionar kroner, og 53,5 millionar kroner blei fordelt til Rogaland.
Vi har lagt ved eit brev til denne artikkelen som fortel om bakgrunnen for fordelinga av 37,1 millionar kroner i ordinært skjønnstilskot til kommunane i Rogaland for 2024. Fordelinga kjem også fram av Grønt hefte tabell 1-k.
I tillegg til ordinært skjønnstilskot er det er sett av 16,4 millionar kroner til ei seinare fordeling. Dette består av 12 millionar kroner til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn) og 4,4 millionar kroner til uventa hendingar (restskjønn).
Ressurskrevjande tenester
Kompensasjonsgraden er uendra på 80 prosent. Innslagspunktet aukar frå 1 526 000 kroner til 1 608 000 kroner.
Skatteanslag
Skatteanslag på formue og inntekt for primærkommunane samla:
2023: 208 200 (nytt skatteanslag, ein auke på kroner 3 547 frå revidert nasjonalbudsjett)
2024: 220 250
Grunnrenteskatten skal bidra til å finansiere reduserte barnehageprisar
Grunnrenteskatt på havbruk vert innført frå og med 2023. Bruttoprovenyet frå grunnrenteskatten blir rekna til om lag 5 milliardar kroner. Det er lagt opp til at kommunar og fylkeskommunar skal få inntekter tilsvarande halvparten av inntektene frå grunnrenteskatten. Inntektene frå grunnrenteskatten vil gi vertskommunane og vertsfylka auka og meir stabile inntekter.
Frå 1. juli 2023 er produksjonsavgifta auka til 90 øre per kilo. Fullt innfasa vil produksjonsavgifta gi om lag 1 200 millionar kroner i årlege inntekter. Inntektene frå produksjonsavgifta vert bokført og utbetalt til kommunar og fylkeskommunar i 2024.
Vertskommunar og vertsfylke vil òg få auka inntekter frå auksjonar av nye konsesjonar, som finn stad annakvart år. Vertskommunane og vertsfylka sin del av inntekter frå sal av nye konsesjonar har auka frå 40 til 55 prosent. For å sikre ein betre balanse mellom vertskommunar og andre kommunar i regionen, blei fylkeskommunane sin andel i Havbruksfondet auka frå 12,5 til 20 prosent, og kommunane sin andel justert tilsvarande ned frå 87,5 til 80 prosent.
Neste ordinære auksjonsrunde finn stad hausten 2024. I tillegg vert det gjennomført ein auksjon hausten 2023, av konsesjonar som ikkje vart selde på auksjon hausten 2022.
Det vert lagt opp til å gi ei ekstraløyving til kommunesektoren i år der grunnrenta er høg. Regjeringa foreslår no at ekstraløyvinga blir nytta til delfinansiering av tiltak på barnehageområdet. Midlane til barnehagetiltaka er foreslått plassert på kommunane sitt rammetilskot.
Fleire satsingar
Lågare foreldrebetaling i barnehagen
Frå 1. august neste år går den maksimale foreldrebetalinga i barnehagen ned frå 3 000 til 2 000 kroner per månad. Ein familie med eitt barn sparer 11 000 kroner i året. For to barn utgjer det nærare 19 000 kroner. For 189 kommunar i dei såkalla sentralitetssonene 5 og 6 går prisen ned til 1 500 kroner per månad. Det gir ei innsparing på 16 500 kroner for ein familie med eitt barn og 28 050 kroner for dei med to barn. Dette utgjer over 1,5 milliardar kroner i 2024. Heilårseffekten er om lag 3 milliardar kroner.
Rentekompensasjonsordning for ein meir praktisk skule
Mange skulebygg gir ikkje rom for ein meir praktisk og variert skule. Regjeringa innfører ei rentekompensasjonsordning for investering i utstyr og areal som er tilrettelagt for praktiske fag og undervisningsmetodar.
Det vert lagt opp til ei låneramme på totalt 8 milliardar kroner til kommunane; 1 milliard årleg i 8 år. Dette betyr at kommunane får dekt rentene når dei tar opp lån til å investere i utstyr og skulebygg, som til dømes å bygge skulekjøkken, sløydsalar og musikkrom som kan gjere skulen meir praktisk orientert.
Bu trygt heime-reforma og investeringstilskot til heildøgns omsorg
Regjeringa foreslår 75 millionar kroner til ulike tiltak som oppfølging av Bu trygt heime-reforma. Det er ei reform med mål om at det skal vere trygt å bu heime så lenge ein sjølv ønsker det.
Å bu heime er ikkje ei løysing for alle. Ei tilsagnsramme på 3 milliardar kroner i 2024 gir rom for om lag 1 500 plassar i heildøgns omsorg.
Økt rammetilskot vedteke i Stortinget
15. desember vedtok Stortinget Statsbudsjettet for 2024 med nokre endringar. Rammetilskotet til kommunane blei justert opp mellom anna på grunn av innføring av gratis SFO for tredjeklassingar. Endringane kan du sjå her vedlegg-3_endringer-i-rammetilskuddet-til-kommunene-saldert-budsjett-2024.xlsx (live.com). Eit rundskriv frå departementet om nysalderinga av statsbudsjettet for 2023 og det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2024 etter Stortinget sitt budsjettvedtak ligg som lenkje til høgre.
Kontaktpersoner
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87 -
Ross Porter
Tlf: 51 56 87 86