Berekraftsveka: Korleis ivareta samspelet mellom klima og miljø i planer etter plan- og bygningsloven
- Dato:
- 26. oktober 2021 09:30 - 11:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Sakshandsamarar og andre i kommunane som jobbar innanfor planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven
Å stoppe klimaendringane og ivareta miljø og verdas artar er to viktige målsettingar. Me ser nærare på korleis ein kan ta omsyn til både klima og miljø i planarbeid og arbeide mot begge måla utan at det går på bekostning av eit av dei.
Klimapolitikk, klimatilpassing, energiomstilling og naturforvalting heng saman. Me legg fram korleis ein kan handtere både klima- og miljøomsyn i planarbeid. Vestlandsforsking fortel hovudpunkta i sin nye rapport om "Samspeleffektar i lokal klima- og miljøpolitikk".
Webinaret er retta mot sakshandsamarar og andre i kommunane som jobbar innanfor planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven. Webinaret vil og ver aktuelt for andre som bidreg inn mot kommunale planprosessar på fagområda klima, miljø og natur.
Påmelding til webinaret via skjemaet nedst i artikkelen innan 25. oktober.
Arrangementet er ein del av Berekraftsveka 2021 der målet er å bli betre kjent med FN sine berekraftsmål og våre tre strategiske satsingsområde; kommunestruktur, barn og unge, og klimaomstilling.
Program
9.30 - 9.35: Velkommen
9.35 - 9.50: Handtering av klima og miljø - tiltak i plan v/Statsforvaltaren i Rogaland
9.50 - 10.05: Handtering av klima og miljø - naturens rolle v/Statsforvaltaren i Rogaland
10.05 - 10.10: Pause
10.10 - 10.40: Presentasjon av rapporten Samspelseffektar i lokal miljø- og klimapolitikk v/Eivind Brendehaug, Vestlandsforskning
10.40 – 11.00: Oppsummering, korleis ivaretar me klima og miljø i planuttalar v/Statsforvaltaren i Rogaland
- Dato:
- 26. oktober 2021 09:30 - 11:00
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Sakshandsamarar og andre i kommunane som jobbar innanfor planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven