Fagdag på Bryne om bioenergi for varmeproduksjon i jordbruket

Dato:
11. november 2021 09:45 - 15:00
Sted:
Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Bønder i jordbruket med behov for oppvarming av landbruksbygg eller veksthus
Treflis lagret i silo til bruk for oppvarming av grisefjøs i Vindafjord.
Treflis lagret i silo til bruk for oppvarming av grisefjøs i Vindafjord. Foto: Birgit S. Hagalid.

Landbruket er ei næring som både brukar og kan produsere energi. Bli med på fagdag på Bryne den 11. november om bruk av bioenergi til oppvarming i landbruksbygg og veksthus.

Publisert 18.10.2021

Skogbasert bioenergi er ein fornybar energikjelde som kan vere løysinga for varmeproduksjon i mange fjøs og veksthus. Bioenergi i jordbruket bidreg til klimaomstilling, berekraftig matproduksjon og lokal verdiskaping.

Under denne fagdagen får ei innføring i gardsvarmeanlegg og sjå eit anlegg i praksis. Me kjem også innom bruk økonomiske støtteordningar, bruk av tre i bygg og biokol.

  • Deltakaravgift: 150 kr. Avgifta blir fakturert i etterkant per epost
  • Transport: deltakaran organiserer eigen transport til gardsbesøket
  • Påmelding: påmelding innan 3. november i skjemaet under. Påmeldinga er bindande.

Fagdagen blir arrangert av Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland og CH4 med støtte frå Rogaland fylkeskommune og i samarbeid med Innovasjon Norge, Rogaland bondelag, NLR Rogaland og Norsk gartnerforbund.

Program

09.45

Drøs og kaffi

 

10.00

Velkommen

Kjell-Terje Skrunes,                Skogselskapet i Rogaland

10.05

Landbruket – ein del av klimaløysinga

Marit Epletveit,                            styreleiar Rogaland Bondelag

10.15

Gardsvarmeanlegg i praksis

Me får ei innføring i anleggstypar, praktiske løysingar, råstoff, varmenett, investering og økonomi.

Karl Ludvig Ådland, CH4

11.00

Varm lunsj

 

11.30

Gardsvarmeanlegg i praksis fortsett. Me får også høyre om produksjon av biokol på gardsnivå

Karl Ludvig Ådland, CH4

12.30

Støtteordningar for fornybar energi i landbruket

Aart-Dirk van Zanten Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland

12.45

Tre som konstruksjonsmateriale i landbruksbygg

Daniel Andreas Breivik,             NLR Rogaland

13.00

Avreise for omvising i flisfyringsanlegg.

Jo Pollestad er kyllingprodusent med flisfyringsanlegg for oppvarming i driftsbygg. Han har også solceller og varmepumpe. Naturgass fungerer som reserveløysing.

Pollestadvegen 80, 4365 Nærbø

Deltakarane organiserer transport sjølv. Me oppmodar om samkøyring om det er mogleg.

15.00

Avslutning

 

 

Dato:
11. november 2021 09:45 - 15:00
Sted:
Bryne kro og hotell, Morenefaret 3, 4340 Bryne
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland, CH4 og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Bønder i jordbruket med behov for oppvarming av landbruksbygg eller veksthus