Kva for økonomiske verkemiddel har Rogaland fylkeskommune til landbruket?

Dato:
10. februar 2022 09:00 - 10:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
landbruksforvaltning, bondeorganisasjonar og andre interesserte
Ungdyr på beite i Sandnes.
Ungdyr på beite i Sandnes. Foto: Iris -Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland.

Høyr meir om Rogaland fylkeskommune sine verkemiddel for landbruket den 10. februar. I dette webinaret blir tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK-midlane) og tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (RT-midlane) omtala.

Publisert 02.02.2022

Kort fortald kan tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK-midlane) gis til aktiv jobbing med rekruttering, kompetansebygging og med omdømmebygging i landbruket. Kommunar, lag og organisasjonar i landbruket, rekneskapslag, næringshagar, landbruksrådgjevinga er mellom anna dei som kan søke. Det kan søkast om tiltak som bidrar til omdømmebygging, møtearenaar, fagdagar, kurs og studieturar. Vilkåret for tilskotet frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt.

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (RT-midlane) skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrke berekraftig verdiskaping i landbruket. Det er dei same som kan søke desse midlane som tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK-midlane). Prioriterte satsingsområde er mellom anna auka berekraftig matproduksjon, økologisk matproduksjon og landbruksbasert reiseliv.

På webinaret vil fagkoordinator næring Heidi Skifjell frå Rogaland fylkeskommune orientere meir detaljert om desse to ordningane som fylkeskommunen har for landbruket.

 

Tid: 10.02.22 kl. 09:00-10:00

Stad: Teams

Gratis deltaking

Påmelding: Du kan melde deg på via denne linken 

Webinaret vert på Teams og dagen før webinaret vil deltakarane få ein link. Sjå i søppelposten om du ikkje finn den med ein gong. For meir informasjon: Kari.sand@strand.kommune.no - 950 31 190

Dato:
10. februar 2022 09:00 - 10:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
landbruksforvaltning, bondeorganisasjonar og andre interesserte