Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om friluftsliv
- Dato:
- 29. august 2022 13:00 - 15:00
- Sted:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Rogaland bondelag
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med friluftsliv, eller berre er interessert i temaet.
- Påmeldingsfrist:
- 28. august 2022 00:00
Visste du at over 650 km turstiar i Rogaland får regionalt miljøtilskot? Nå rullerer vi Regionalt miljøprogram i Rogaland, og ny kabal for 66 millionar kroner skal leggast. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland fylkeskommune inviterer vi til digitalt temamøte om friluftsliv. Her tek vi opp sentrale problemstillingar kring beiting og turfolk, og du kan nytte høvet til å gi innspel.
Friluftsliv er eit av fleire miljøtema i Regionalt miljøprogram for Rogaland. Jordbruksføretak kan søke tilskot til å merke og vedlikehalde turstiar som går på/ved jordbruksareal, og som er ein del av ei samanhengande turstiløype. Rogaland er eit stort beitefylke, og vegen til utmarka går ofte gjennom beiteområde. Målet med tilskotet er å legge til rette for gode turopplevingar, styre turtrafikken og minske konfliktar med jordbruksdrift.
Program for temamøte 29. august
- Velkomen og informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren.
- Informasjon frå fylkeskommunen – Regionale friluftsinteresser og støtteordningar. Thorsten Gøtterup, rådgivar hos Rogaland fylkeskommune.
- Velkomen inn i jordbrukslandskapet, om beitebruk og folk. Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland bondelag.
- Ulike faginnlegg:
- Turfolk og beitedyr, kva ansvar har dyreeigar og turgåar? Advokat Paul Aakre.
- Midt i leia til Rennesøyhodnet. Erfaringar frå Guttorm Gudmestad, bonde på Rennesøy.
- Kva må kommunen vere merksam på når det gjeld friluftsliv og jordbruk? Gerd Siqveland Egelsgjerd, landbrukssjef i Bjerkreim.
- Dialog.
Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland
Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon.
Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.
Interessert?
Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte seinast måndag morgen 29. august.
- Dato:
- 29. august 2022 13:00 - 15:00
- Sted:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Rogaland bondelag
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med friluftsliv, eller berre er interessert i temaet.
- Påmeldingsfrist:
- 28. august 2022 00:00