Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om biologisk mangfald
- Dato:
- 27. september 2022 09:30 - 11:30
- Sted:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med naturmangfald, eller berre er interessert i temaet.
- Påmeldingsfrist:
- 26. september 2022 09:00
Dei første kystlyngheiane er fem tusen år gamle, og treng framleis skjøtsel ved beiting, brenning og fjerning av skog. Kvart år går det over sju millionar kroner i regionalt miljøtilskot til beiting av kystlynghei. Skal Rogaland ta i bruk eige tilskot til brenning? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Synspunkt? Velkomen til temamøte.
Korleis skal Rogaland klare å ta vare på det biologiske mangfaldet samstundes som presset på bonden frå utbygging, auka effektivitetskrav og spreiearealbehov blir stadig større? I Regionalt miljøprogram er biologisk mangfald eit grunnleggande tema.
Program
- Velkomen!
- Informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren.
- Informasjon om Miljødirektoratet sine tilskotsordningar til skjøtsel av sårbare naturtypar. Kristian Wilén Haaland, rådgivar hos Statsforvaltaren
- Faginnlegg:
- Kystlynghei, Rogaland si levande historie:
- Gardbrukar Atle Tjåland fortel om korleis han driv si kystlynghei, og om brenning og brannlag
- Branngeneral på Haugalandet, Ove Stumo, fortel om organiseringa og arbeidet med brennelag
- Naturbeitemark. Vår mest sårbare naturtype? Kristian Wilén Haaland, rådgivar hos Statsforvaltaren
- Kystlynghei, Rogaland si levande historie:
- Dialog
- Høyrer tilskot til brenning heime i RMP eller i SMIL?
- Open post
Det blir ein pause i programmet ca kl 10.30
Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland
Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon.
Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.
Interessert?
Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte rett i forkant av møtet.
- Dato:
- 27. september 2022 09:30 - 11:30
- Sted:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med naturmangfald, eller berre er interessert i temaet.
- Påmeldingsfrist:
- 26. september 2022 09:00
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Margit Reiersen
Tlf: 51 56 87 76