Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om klima, jordliv og jordhelse

Dato:
20. september 2022 09:30 - 11:30
Sted:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre som er interesserte i biokull, jord og jordhelse.
Påmeldingsfrist:
16. september 2022 00:00
Prosjektleiar Arne Jørgensen viser fram  kommunen sitt biokullanlegg på Vatne.
Arne Jørgensen, klimasjef i Sandnes kommune, viser fram biokullanlegget på Vatne. Sandnes kommune produserer biokull av hage- og parkavfall. Foto: Monica Dahlmo.

Skal bøndene i Rogaland kunne søke tilskot til bruk av biokull? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram. Velkomen til temamøte 20. september med faglege innlegg, og høve til å gi innspel til bruken av 66 millionar kroner i Regionalt miljøprogram i Rogaland.

Publisert 08.07.2022

Bruk av biokull har aktualisert seg med klimaarbeidet. Biokull blir laga ved å utsette karbonhaldig materiale for høg temperatur med liten eller ingen tilgang til oksygen. Dermed blir karbonet svært motstandsdyktig mot biologisk nedbryting, og er lagringsstabilt i jord. Landbruksdirektoratet har i ny instruks for regionalt miljøtilskot opna for at fylka kan gi tilskot til bruk av biokull i produksjonar med open åker (korn, potet, grønsaker). Motivasjonen er at biokull kan ha positive verknadar for jord ved å gi auka vasslagringsevne, og auka kapasitet til å halde på næringsstoff. Bruk av biokull er også lansert som eit klimatiltak, men blir per i dag ikkje bokført i FN sitt klimagassrekneskap.  

Det har i seinare tid vore ein god del FoU-aktivitet knytt til både produksjon og bruk av biokull, men framleis er biokull svært lite brukt i tradisjonell jordbruksproduksjon i Noreg. Mangel på lønnsemd i verdikjeda er i Klimakur 2030 peika på som hovudutfordringa. Det må ligge ein gevinst i biokull for bøndene dersom dei skal ta det i bruk i større skala. Bøndene er også opptatte av at biokull til bruk i matproduksjon må kome frå reine fraksjonar.

Vi ønsker velkomen til temamøte for å høyre synspunkt på tilskot til bruk av biokull på jordbruksjord i Rogaland. 

Program 20. september 

  • Velkomen og informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren. 
  • Faglege innlegg:
    • «Kullhøna» – eit kombiprodukt med biokull og fjørfegjødsel. Ole Gunnar Fuglestad som er dagleg leiar i Norsk naturgjødsel fortel som deira erfaringar med biokull.
    • Kva biokullprodukt er på marknaden, kan bøndene få biokull som garantert er frå reine fraksjonar? Mia Ulvin, prosjektleiar i Norsk biokullnettverk. 
    • Effekt av biokull for korn, potet- og grønsaksdyrkere. Adam O'Toole, forskar i NIBIO. 
    • Sandnes kommune satsar på biokull. Arne Jørgensen er klimasjef i Sandnes kommune og snakkar om deira erfaringar med å produsere og bruke biokull.
  • Dialog.
    • Kva skal til for at dette blir interessant for bøndene i Rogaland?
    • Tid for innpel og synspunkt.

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon. 

Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.

Interessert?

Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte seinast måndag morgen 19. september.

Dato:
20. september 2022 09:30 - 11:30
Sted:
Digitalt, på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre som er interesserte i biokull, jord og jordhelse.
Påmeldingsfrist:
16. september 2022 00:00