AVLYST. Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om kulturminne og kulturmiljø
- Dato:
- 13. september 2022 09:30 - 11:30
- Sted:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med kulturminne, eller som berre er interessert i temaet. Bønder og lokale bondelag er spesielt invitert.
- Påmeldingsfrist:
- 12. september 2022 12:00
Møtet er avlyst, og blir erstatta med faginnlegg og diskusjon under tilskotssamling 21. september for kommunal landbruksforvaltning.
Kvart år får bønder i Rogaland over 1,4 millionar kroner i regionalt miljøtilskot for å skjøtte automatisk freda kulturminne. Nå rullerer vi vårt regionale miljøprogram, og det er tid for å sjå både bakover og framover på status og utviklingstrekk. Bli med på temamøte og høyr om historia til Rogaland, og nytt sjansen til å påverke bruken av over 66 millionar kroner!
Kulturminne og kulturminne er eit av fleire miljøtema i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Jordbruksføretak kan søkje tilskot til å skjøtte areal med automatisk freda kulturminne. I 2021 blei det gitt tilskot til skjøtsel av over 4000 dekar og til over 2400 gravminne. Truleg er det potensial for fleire søknadar. Dessverre er seterbruken laber i Rogaland. Vi har berre eit bruk som får regionalt miljøtilskot til mjølkeproduksjon på seter.
På temamøtet ønsker vi å få fram det spesielle med Rogaland, vår historie og status for kulturminna. Vi ønsker også å få innspel på innretting av regionalt miljøtilskot og andre regionale virkemiddel.
Førebels program
- Velkomen og informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren.
- Faginnlegg:
- Kvifor er Rogaland så spesiell i kulturminne-samanheng?
- Kvifor skal vi drive skjøtsel, og korleis gjere det på ein god måte?
- Attgroing – ei utfordring for kulturminna
- Dialog:
- Berre heft eller også litt kjekt? Bønder er viktige for skjøtsel av kulturminna, korleis fungerer tilskota i Rogaland?
Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland
Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon.
Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.
Interessert?
Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte rett i forkant av møtet.
- Dato:
- 13. september 2022 09:30 - 11:30
- Sted:
- Digitalt på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Folk og organisasjonar som arbeider med kulturminne, eller som berre er interessert i temaet. Bønder og lokale bondelag er spesielt invitert.
- Påmeldingsfrist:
- 12. september 2022 12:00
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66