Kva kan bønder i Rogaland søke Innovasjon Norge om i 2023?

Dato:
7. desember 2022 09:00 - 11:00
Sted:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland, Innovasjon Norge Rogaland og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Bønder, kommunal landbruksforvaltning, rekneskapslag, næringssjefar, næringshagar og andre interesserte
Ungdyr på beite i Sandnes.
Ungdyr på beite i Sandnes. Foto: Iris -Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland.

Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland inviterer til webinar om prioritering av investeringsmidlar for 2023.

Publisert 23.11.2022

Landbrukspartnarskapet i Rogaland varslar framleis satsing på mjølkefjøs inntil 30 kyr med basis i gardens ressursgrunnlag. Små og mellomstore produsentar innan frukt/grønt/veksthus har også prioritet, det same gjeld tilleggsnæringar knyta til lokalmat, landbruksbasert reiseliv og Inn på Tunet. Med ein venta auke i IBU-potten på om lag 20 mill. kroner, vil unge bønder og saker innan dyrevelferd, miljøtiltak og distriktslandbruket få meir fokus. Det kan også bli rom for å vurdere tilskot til andre produksjonar som sau og storfekjøttproduksjon om dei scorar høgt på eitt eller fleire av nemnte punkt, og planlagt produksjon er godt forankra i ressursgrunnlag på garden og spesielt beiteareal. Eksisterande produsentar blir prioriterte medan prosjekt som inneber større produksjonsauke har ikkje prioritet.


Program

  • Velkomen og status i næringa og overordna prioriteringar for 2023 ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland
  • Bonde Torstein Melhus Barkved, Bjørheimsbygd, delar sine erfaringar frå planlegging til nytt fjøs stod ferdig i 2022, og om erfaringane med Innovasjon Norge og søknadsprosessen
  • Kva er ein god søknad til Innovasjon Norge og korleis blir sakene vurderte i høve til nye prioriteringar for 2023. Kan midlar til idéavklaring, bedriftsnettverk eller vekst være aktuelle for deg? Ved Olav Tegle og Aart Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland
  • Beinstrekk
  • Kort orientering om regionale kompetanse- og tilretteleggingsmidlar (RK og RT), Rogaland fylkeskommune
  • Spørsmål og dialog


Gratis deltaking. Dei som har meldt seg på innan 5.desember har fått epost med lenke og kalenderinnkalling til webinaret. 

Du kan også bruke denne lenka til å komme inn på webinaret

Arrangørar: Statsforvaltaren i Rogaland, Innovasjon Norge Rogaland og Rogaland fylkeskommune

Dato:
7. desember 2022 09:00 - 11:00
Sted:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland, Innovasjon Norge Rogaland og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Bønder, kommunal landbruksforvaltning, rekneskapslag, næringssjefar, næringshagar og andre interesserte