Webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2024
- Dato:
- 30. november 2023 10:00 - 11:30
- Sted:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland på vegne av landbrukspartnarskapen i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder i Rogaland, kommunar, rekneskapslag m.fl.
Kva kan bøndene i Rogaland søkje Innovasjon Norge om i 2024, og kva utmåling kan det gis i ulike typer saker? Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland inviterer til webinar om investeringsmidlane i landbruket.
92 millionar kroner i IBU-potten for 2024
I jordbruksoppgjeret for 2024 blei det avtalt å sette av 1220 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket. Av dette går 92 millionar kroner til Rogaland. 100 millionar kroner er sett av til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs for storfe. Det blei også avtalt å auke ramma for kva som kan løyvast i eit prosjekt, med inntil 40 prosent og 3,5 millionar kroner. I juni 2023 blei det i tillegg gjort endringar i forskrift for å stimulere ekstra til ombygging til lausdrift for storfe, med inntil 50 prosent og maksimalt tilskot på 5 millionar kroner. Det er framleis ei klar prioritering mot små og mellomstore mjølkebruk og lausdriftskravet, og landbrukspartnarskapen vektlegg det i prioritering for 2024.
Program
- Velkomen ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland. Kort om dei overordna prioriteringane for 2024.
- Kva er ein god søknad til Innovasjon Norge og korleis blir sakene vurderte i høve til nye prioriteringar for 2024. Kan midlar til idéavklaring, bedriftsnettverk eller vekst være aktuelle for deg? Ved Olav Tegle og Aart Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland
- Pause
- Kort orientering om regionale kompetanse- og tilretteleggingsmidlar (RK og RT) ved Cato Lassen, Rogaland fylkeskommune
- Spørsmål og dialog
Påmelding
Send e-post til monica.dahlmo@statsforvaltaren.no innan kl 08.00 den 30. november for å få kalenderinnkalling til webinaret.
- Dato:
- 30. november 2023 10:00 - 11:30
- Sted:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland på vegne av landbrukspartnarskapen i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder i Rogaland, kommunar, rekneskapslag m.fl.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66