Godkjend Fagskole bioenergi i Rogaland
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) har nyleg godkjend eit nytt fagskoletilbod innan bioenergi i Rogaland. Dette er starten på ein prosess der målet er å forme og bygge eit nasjonalt kompetansesenter for bioenergi ved Strand videregående skole.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det blei i 2010 starta opp eit prosjekt med tittelen Kompetanse Energi Ryfylke (KER), finansiert av Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland. Hovudmålet med prosjektet var å utvikle eit utdanningsløp på fagskolenivå innan fagfeltet bioenergi. Dette for å tilby kompetanse på eit framtidsretta og viktig fagfelt, i tråd med ambisiøse mål om bruk av fornybar energi m.a. i Regionalplan for energi og klima.
Fylkesmannen har vore representert i styringsgruppa for prosjektet, og vil gi ros til dei aktørar som har bidrege til at fagskoletilbodet no er godkjent. Her vil vi, saman med Strand videregående skole, særleg framheve fagmiljøet ved Stavanger offshore tekniske skole (SOTS). Målet er at studietilbodet skal vere på plass til studiestart hausten 2014.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13