Inspirasjonsdagar om flisfyring i november
Driv du gard? Vil du finne ut meir om flisfyringsanlegg som oppvarmingskjelde på garden din? Bli med på inspirasjonsdagar i Sandnes og i Vindafjord 16. og 17. november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogalad Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland arrangerer fagdag for gardbrukarar og andre interesserte. Her får du ei innføring i drift av gardsvarmeanlegg av ein dyktig kurshaldar, besøke ein gard med flisfyringsanlegg, samt informasjon om støtteordninga til Innovasjon Norge.
Nytt i år er at deltakarane på arrangementa vil få tilbod om gratis individuell rådgiving. Dersom du lurer på om flisfyring kan være aktuelt på din gard så kan dette være god hjelp for å komme i gang med planlegginga og søknad om støtte.
Les meir om dei ulike arrangementa under. Påmelding innan 8. november på e-post til Rogaland Skognæringsforum eller telefon 952 10 357.
Torsdag 16. november kl. 10.00 - 15.00
Stad: Riska Sagbruk, Hommersåk i Sandnes
Program:
10.00 Velkommen v/ Karl Ludvig Ådland, Rogaland Skognæringsforum
10.10 Flysfyringsanlegg på garden: Praktiske løysinger og lønnsemd v/ Håvard Midtskogen, Skogselskapet i Oslo og Akershus
11.00 Lunsjservering + Riska sagbruk snakker flis
11.30 Kurset held fram
13.30 Aart Magnussen frå Innovasjon Norge fortel om støtteordninga for gardsvarmeanlegg
13.45 Besøk på gardsvarmeanlegget til Arnt Magnar Stokka, Hommersåk. Stokka bruker anlegget til å varme opp to fjørfehus, to bustadar og eit forsamlingslokale. Han produserer også flisa til anlegget og til sal.
15.00 Slutt
Fredag 17. november kl. 10.00 - 15.30
Stad: Vindafjordhallen, Nedre Vats
Program:
10.00 Velkommen v/ Karl Ludvig Ådland, Rogaland Skognæringsforum
10.10 Flisfyringsanlegg på garden: Praktiske løysinger og lønnsemd v/ Håvard Midtskogen, Skogselskapet i Oslo og Akershus
11.00 Lunsjservering
11.30 Kurset held fram
13.00 Besøk på flisproduksjonsanlegget til Arild Urdal, Øvre Vats. Urdal produserer flis på ein profesjonell og effektiv måte
14.30 Besøk på gardsvarmeanlegget til Kjell Thomas Kirketeig, Ølen. Kirketeig hadde tidlegare gassfyring, og har bygga om til flisfyring på ein smart måte. Han varmar opp grisehus, to bustadar, samt varmtvannet på garden sin.
15.30 Slutt
Deltakaravgift kr 500.
Dagane blir arrangert av Rogaland Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med Norsk landbruksrådgivning. Arrangementet er støtta med midlar frå Innovasjon Norge.