Ny bioenergistrategi
Fylkeskommunen har vedtatt ny strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland. Etablering av utdanning i bioenergi, bruk av bioenergi i eigne bygg og samordning av bioenergisatsinga i fylket er blant tiltaka fylkeskommunen vil setja i verk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland har eit stort potensial for auka produksjon og bruk av bioenergi. Målet er 200 GWh innan 2020. Dette er ei tjuedobling av dagens produksjon, men målet kan i stor grad oppfyllast innanfor dagens rammevilkår dersom det er vilje til handling.
Kommunane sentrale
Kommunane er svært sentrale i ei forsterka satsing på bioenergi. Dei kan som planstyresmakt fremja bruk av bioenergi gjennom
- å inkludera infrastruktur for varmedistribusjon i kommuneplanen
- å vedta tilkoplingsplikt ved konsesjon
- å ha krav om behandling av energiforsyning som tema i reguleringsplanar som handlar om byggjeformål
Kommunane kan også bruka eigarrolla si i kraftselskapa til å prioritera bioenergiproduksjon. Gjennom eigen bygningsmasse kan også bruk av bioenergi og annan fornybar energi favoriserast.
Klimanøytral energi
Bioenergi frå skogen er fornybar og CO2-nøytral energi. Det blir brukt velprøvd og velfungerande teknologi og den er konkurransedyktig med andre energiformer. Bioenergi gir dessutan sysselsetjing og verdiskaping i distrikta med effektiv utnytting av lokale ressursar.
Biovarmesentralar
Sjølv om Rogaland er seint ute med å ta i bruk bioenergi, finst det allereie fleire biovarmesentralar i fylket. Eksempel på bygg og produksjonar oppvarma med bioenergi er skolar, barnehagar, sjukehus, bu- og omsorgsenter, idrettshallar, hotell, smoltanlegg og Stavanger lufthamn Sola.
Oppfølging av tidlegare vedtak
Strategien er utvikla gjennom prosjektet "Verdiskaping og CO2-binding i Rogalands-skogbruket" som er eit samarbeidsprosjekt med skognæringa, kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen. Ei breitt samansett gruppe av politikarar, offentleg forvaltning og næringsaktørar har stått for utarbeidinga. Prosjektleiar Christen Egeland har vore sekretær for arbeidsgruppa.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13