300.000 kroner er gitt i støtte til prosjektet Handtering av kadaver ved krise
Statsforvaltaren i Rogaland har tatt initiativ til oppstart av prosjektet Handtering av kadaver ved krise. Ved ulike hendingar må næring, samfunn, faglag og myndigheit samarbeide for å finne dei beste løysningane
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei siste åra har Rogaland hatt fleire utbrot av alvorleg dyresjukdom i fjørfebesetningar, der tusentals dyr måtte avlivast raskt for å hindre smittespreiing. Førebels har utbrota vore krevjande, men handterleg. Prosjektet vil utfordre alle aktørar på kva som skal gjerast i eit scenario som gir større mengde dyrekadaver enn det som handterast ved mindre alvorlege hendingar. Arbeidsgruppa består av personar som representerer ulike sektorar innanfor myndigheitene ved Statsforvaltaren, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, og kommune. Andre aktørar som er involverte er Fatland, TINE, gjenvinningsanlegg, fjørfelaget og Rogaland Bondelag.
Det er Rogaland Bondelag som eig prosjektet, og som har søkt om midlar. Prosjektleiar er Siv Meling frå Veterinærinstituttet. Rogaland fylkeskommune har støtta prosjektet med 300 000 kroner av regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket.
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85