Opning av nytt fjøs på Oanes

Torsdag 13.oktober 2106 kl 1100-1400 vert det ope dag hos Arnhild Erevik og Egil Byberg på Oanes i Forsand. Dei har bygd eit langt, smalt og heilt ope fjøs på Oanes med mjølkerobot, ventilasjonsgardiner, velferdsavdeling for kyr som treng ekstra tilsyn, mekanisk gjødseltrekk med urindrenering og utvendig forbrett som er hydraulisk styrt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.10.2016

Arnhild Erevik og Egil Byberg har drive garden Erevik sidan 2011. Dei disponerer 190 000 liter mjølkekvote sjølv og dei leier 190 000 liter mjølk frå foreldra til Arnhild, Signe og Alf Olav Erevik. Dei to generasjonane driv jorda på kvar sin gard og tok i 2016 i bruk eit nytt lausdriftsfjøs med mange interessante detaljar.

Stad: Arnhild Erevik og Egil Byberg, Oanes, 4110 Forsand. Fjøset ligg i fjellknausane ved ferjekaia på Oanes.

Tid: Torsdag 13.oktober 2016 kl 11-14

Dette er eit nybygd kufjøs med mjølkerobot, uisolert bygg med ventilasjonsgardiner, eiga velferdsavdeling for kyr som treng ekstra tilsyn, mekanisk gjødseltrekk med urindrenering og utvendig og hydraulisk styrt forbrett.

I Bondevennen 30.september 2016 står det ein lengre artikkel om Patentsøkt nyskaping frå dette fjøset.

Arrangør: Felleskjøpet, Fatland, DeLaval og med litt hjelp av Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke

For meir informasjon: Kari Sand, Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke, kari.sand@strand.kommune.no – 95031190

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter