Vi skal produsere meir storfekjøt i Rogaland
Det er sterk konkurranse om rogalandsbonden. Då er det flott at slakteria samarbeider om å få opp produksjonen av storfekjøt i fylket. Satsinga fokuserer både på riktig bruk av kalvane frå mjølkeproduksjonen, og på å få opp ammekutalet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogalandsbøndene står for om lag 20 prosent av storfeproduksjonen i landet, det vil seie både produksjonen av mjølk og storfekjøt. Mjølkeproduksjonen står også for hovudleveransen av storfekjøt, men når denne produksjonen utviklar seg i meir spesialisert retning – kor fleire bønder prioriterer ned kjøtproduksjonen, er det viktig at kalvane herifrå inngår i gode produksjonsopplegg for kjøtproduksjon. Samstundes må vi også få opp ammekutalet i fylket.
Marknadssituasjonen for storfekjøt er vel kjent. I 2015 var samla import over 23 millionar kg storfekjøt. Også i 2016 vil det bli negativ marknadsbalanse, kanskje 14. – 15.000 tonn! Vi må få opp den nasjonal produksjonen, og Rogaland må være med på den dugnaden.
Diskusjonen om det rette kosthaldet har gått over mange år. No har også klimautfordringa meldt seg på for alvor – og om dagen kanskje mest i høve til raudt kjøt. Alle sektorar må bidra for å løyse klima- og miljøutfordringane. Når det gjeld storfekjøtet, blir diskusjonane meir og meir kunnskapsbaserte. Ikkje minst gjennom gjennom Dagsnytt Atten på NRK 5.september 2016
Storfesatsing i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland samarbeider med slakteria om ei storfesatsing i Rogaland. Bønder som er interessert må ta kontakt med sitt slakteri. På Agrovisjon laurdag 29. oktober vil det bli heldt eit opent møte om satsinga.