Bli tryggare på dyrevelferd
Bransjen inviterer husdyrbønder til dyrevelferdsseminar laurdag 2. november under Agrovisjon. Målet er å gjere bøndene tryggare på dyrevelferd, fordi friskare dyr gir høgare kvalitet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi har henta inn tre av Noregs fremste ekspertar på dyrevelferd og dyrehelse. Desse er Randi Oppermann Moe frå NMBU Veterinærhøgskolen, og Elisiv Tolo og Harald Holm frå Animalia. I tillegg skal du få høyre Trond Vidar Berge fortelje om dyrevelferd i praksis på hans gard i Gjesdal, Andreas Våge som er psykolog og prosjektleiar i Nortura, samt eit innlegg ved Mattilsynet om regelverkstolking.
Vi håper programmet vil vekke interesse og engasjement, og vi meiner dette er eit seminar du berre må få med deg!
Seminaret blir opna av konsernsjef Terje Wester frå Fatland, møterom Vindafjorden i Stavanger Forum, laurdag 2. november kl 10.00.
Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på.
Bransjesamarbeid
Arrangørar er Fatland, Nortura, Prima, Tine, Q-meieriet, Rogaland bondelag, Norsvin, Tyr, Rogaland Sau og geit, Rogaland veterinærforening og Fylkesmannen i Rogaland
Kontaktpersonar er:
Rolf-Gunnar Husveg tlf 95207766 fmrorgh@fylkesmannen.no
Eli Munkeby Serigstad tlf 41418510 fmroese@fylkesmannen.no