Når kan husdyrgjødsla køyrast ut?
Det vårast, og mange begynner å bli rimeleg klar til å køyre ut husdyrgjødsel. Les gjerne NLR Rogaland sin fagartikkel om kor tid det er fornuftig å gjødsle.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 28.02.2023
Husdyrgjødsla er ikkje lovleg å køyre ut før 15. februar, og jorda kan ikkje vere frossen eller snødekt. Alle som skal gjødsle må vurdere både ver og jord før dei går igang. Dersom jorda er vassmetta og planteveksten framleis ikkje har starta, blir fara for avrenning og forureining av nærliggande vassdrag stor. Det er den som gjødslar sitt ansvar å ta nødvendige omsyn.
Faglege råd
NLR Rogaland sin artikkel frå 2022 er framleis like aktuell. Her kan du lese meir om kva tid det er fornuftig å få ut husdyrgjødsla.