Informasjon om brev til produsentar av verpehøner og slaktekylling
Statsforvaltaren har ansvar for å føre kontroll med at husdyrkonsesjonsregelverket blir overhalde. Vi gjennomfører no kontroll av produksjonen i 2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (husdyrkonsesjonslova) med tilhøyrande forskrift regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet, og omfattar all svine- og fjørfeproduksjonen i Noreg. Føremålet er å legge til rette for spreidd husdyrproduksjon. Regelverket set grense for kor mange dyr som kan slaktast gjennom kalenderåret, og kor mange dyr ein kan ha i produksjonen til ein kvar tid. Vi har no sendt brev til alle produsentar med verpehøner som har søkt produksjonstilskot for 7500 høner, og til slaktekyllingprodusentar som har produsert over konsesjonsfri grense i 2021.
Konsesjonsfri grense - 2 100 dyreeiningar
Lova har fastsette grenser for kor stor produksjonen kan vere på eit føretak. Konsesjonsgrensa er gitt i tal dyr, og konsesjonsfri grense er alltid tilsvarande 2 100 dyreeiningar. For å kunne produsere meir enn konsesjonsfri grense, må ein ha fått innvilga konsesjon for dette. Konsesjonsfri grense er ikkje avgrensa til å kun gjelde ved teljedatoane 1. mars og 1. oktober, men gjeld «til ein kvar tid» heile kalenderåret.
Dyreeiningar for fjørfe:
- 1 slaktekylling = 0,0075 dyreeining
- 1 verpehøne = 0,0035 dyreeining
Konsesjonsfri grense for fjørfe, tal dyr (inntil 2 100 dyreeiningar):
- Slaktekylling: 280 000 omsette/slakta dyr
- Verpehøner: 7 500 på eit kvart tidspunkt
Kontroll
Statsforvaltaren, med oppdrag frå Landbruksdirektoratet, har ansvar for å føre kontroll av husdyrkonsesjonsregelverket. Kontrollen omfattar dokumentkontroll og stadleg kontroll. Vi har tilgjengeleg informasjon om produksjonen frå leveransedatabasen, i tillegg vil vi i nokre tilfelle be føretaket om meir dokumentasjon for produksjonen. Stadleg kontroll hos eit føretak er basert på eit risikobasert utplukk.
Kontrollen i år inneber at produsentar som søkjer på 7 500 verpehøner på ein eller begge telledatoene får eit informasjonsbrev der dei blir gjort merksame på at dei ligg på konsesjonsfri grense. Vi er inneforstått at høner blir kjøpt inn ved 15 veker alder, og at det er forventa ei viss dødelegheit fram mot 20 vekers alder. Difor er det forståing for at eggprodusentar kjøper inn fleire høner for å vege opp for høner som dør fram til dei er konsesjonspliktige frå 20 vekers alder. Etter 20 veker er hønene konsesjonspliktige, og talet skal ikkje overstige 7 500 om ein ikkje har konsesjon for høgare produksjon.
Det er óg sendt informasjonsbrev til slaktekyllingprodusentar som har produsert over konsesjonsfri grense i 2021. Dette for å gjere dei merksame på at produksjonen i 2022 må reduserast tilsvarande overproduksjonen i 2021 for å unngå økonomisk reaksjon.
Det blir sendt varselbrev om krav om betaling av standardisert erstatning viss produksjonen dei to siste åra (2020 og 2021) var over konsesjonsfri grense, og viss produksjonen overstig 15 % over produksjonsfri grense i 2021. Les meir om to-årsregelen under.
To-årsregelen
Produksjonsomfanget skal alltid vurderast over to år. Det er fordi det er mogleg for eit føretak å produsere inntil 15 % over konsesjonsgrensa eit år, mot ein tilsvarande reduksjon året etter. Om det ikkje blir redusert nok år to, må ein betale for overproduksjon. Om overproduksjonen overstig 15 % eit år, skal det reagerast for all produksjon ut over 15 % over konsesjonsgrensa. Dei resterande 15 % kan produsenten redusere påfølgande år for å unngå økonomisk reaksjon.
Skil mellom søknad om produksjonstilskot og husdyrkonsesjon!
Svært mange verpehøneprodusentar fører inn 7 500 høner ved begge teljedatoane for søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot. Husdyrkonsesjonsregelverket er uavhengig av søknad om produksjonstilskot, men om de søkar om tilskot for 7 500 høner på kvar teljedato over tid, vil dette vere ein risikoindikator for utplukk til kontroll av husdyrkonsesjonslova. De må vere merksame på at når de fyller ut søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot, skal de stadfeste at de som søkjar har oppgitt korrekte opplysningar. De skal altså føre inn det faktiske talet høner på teljedato.
Det vil vere bevegelse i dyretalet over tid. Nokre vil oppleve at teljedato vil vere i ein tomperiode, og kva skal ein gjere da? I søkjerettleiinga for produksjonstilskot står det at ved opphald mellom to innsett for verpehøner på teljedato, kan tal høner ved førre teljedato førast inn i kode 161. Føretaket må ha kontrakt om kjøp av nye høner, og opphaldsperioden kan maksimalt vere 12 veker. Forutsett normal produksjon, vil det alltid vere høner på ein av telledatoane.
Ved kontroll av verpehøner vil vi be om nødvendig dokumentasjon for å stadfeste produksjonsomfanget, men to-årsregelen gjeld også ved vurderinga for tal verpehøner.