Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester
Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Frist for å søkje er 8. april!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte for å oppretthalde kommunale veterinærstillingar. Den tilsette kan òg bidra til å løysa andre oppgåver i kommunen som krev veterinærkompetanse.
Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.
Stortinget har løyvd totalt 33,401 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2022. Dette er 965 000 meir samanlikna med 2021. Statsforvaltaren i Rogaland har fått 568 000 kroner til fordeling i 2022, som er ein marginal auke på 2 000 kroner frå 2021.
Lever søknaden i Altinn
Kommunen søkjer via Altinn om stimuleringstilskot. Skjemaet heiter «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning». Søknadsfristen er sett til 8. april 2022.
Prioriteringar for tilskot
Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilskot til:
- kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med låt dyretal og krevjande infrastruktur.
- kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.
- der stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Prøveordning for kommunar i 2022
For 2022 gjeld ein prøveordning for kommunar som har utfordringar med å få nok veterinærar til å delta i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Kommunane kan for 2022 stilla krav om deltaking i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid for å få stimuleringstilskot til veterinærdekning. Ein føresetnad for eit slikt krav er at kommunen sitt bruk av tilskotet er i tråd med føremålet med stimuleringstilskotet.
Kommunar som stillar krav om deltaking i vaktordninga skal rapportere særskilt om dette til Statsforvaltaren ved den årlege rapporteringa om bruk av midlane.
Lenkje til Rundskriv 2021-48: «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning for 2021 og informasjon om ordninga og skjema finn du i margen.
Rapporteringsfrist for kommunar
Rapporteringsfrist om bruk av tildelte midlar er sett lik fristen for å søkje om stimuleringtilskot, det vil seie 8. april 2022.
Kontaktpersoner
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85