Regionale midlar til utvikling av dyrehelsenett

Storfe på beite
Storfe på beite Foto: May Kristin Lofthus.

Veterinærinstituttet ønsker å samle kunnskap om dyrehelse og dyrevelferd i ein database og gjere den lettare tilgjengeleg for bønder, veterinærar, næringsliv og forvalting.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.05.2021

Veterinærinstituttet samarbeider nært med Animalia og Statsforvaltaren i Rogaland i dette forprosjektet.

Grasrota ser behovet

Leiaren i Rogaland Veterinærforeining kontakta prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» og ønska ein kunnskapsbase for storfe etter modell av Animalia sitt “Sauehelsenettverk”. Initiativet frå Rogaland inspirerte Veterinærinstituttet til å planlegge eit felles Dyrehelsenett.

Strengare krav til dyrehaldar

Kompetansekravet i husdyrhaldet er stort, både i lys av ny dyrehelseforskrift og ny dyrehelseforordning som stiller strenge krav til dyrehaldar og som trer i kraft 2021. Forprosjektet vil søke å finne ei løysing for ein nettbasert kunnskapsbase som gjer aktørane i stand til å møte behov som det nye regelverket skaper.

Prosjektmål

Forprosjektets hovudmål er å forberede etablering av Dyrehelsenett. Delmåla er å:

  1. Samle inn og strukturere kunnskap
  2. Finne optimale løysingar for digital kommunikasjon og vedlikehald av kunnskapsbasen.
  3. Etablere eit nettverkssamarbeid mellom næringa, forvaltinga og kunnskapsstøtte.
  4. Vidareføre og dra nytte av erfaringar frå Rogaland med samarbeid innan dyrehelse og dyrevelferd.

Dyrehelsenett skal auke kompetansen i alle ledd

Kompetanse er ein føresetnad for førebyggande beredskap og å hindre nye sjukdommar å etablere seg i Noreg. Kompetanse er avgjerande for berekraftig husdyrhald, god dyrevelferd, økonomi, beredskap og velferd for bøndene.

Den viktigaste effekten med dyrehelsenett er bidrag til vesentleg kompetanseheving på alle nivå, men særleg hjå bøndene. Samstundes vil databasen vere ei støtte for helsetenestene, forvaltinga og næringa.

Rogaland fylkeskommune har løyvd 300 000 kroner til forprosjektet frå støtteordninga «Tilskudd til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.