Seminar om gamle storferasar
Interessa for dei gamle storferasane er stigande og no er det tid for å bli inspirert og bygge kompetanse.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Seminaret blir arrangert 17. - 18. oktober på Moi Hotell i Lund.
Seminaret startar på sundagen med tre gardsbesøk og litt teori om fjellbeiting, og på mandagen blir det fôring og økonomi i mjølkeproduksjon samt inspirasjonsforedrag om matopplevingar.
Målsettinga med samlinga er å inspirere eksisterande og potensielle nye produsentar til å auke tal mordyr og oksar, styrke nettverket mellom produsentane, og auke bruken av beiting.
Pris for seminar : 500,- kr pr pers. Inkluderer lunsj måndag og program begge dagar. Overnatting kr 1290,-/ 990,- pr pers for enkelt-/dobbeltrom
Påmelding innan 8.oktober til ola@olahammer.no eller tlf 91609081.
Arrangørar er Urfe SA, Nortura og Statsforvaltaren i Rogaland.
Unike produkt av gamle storferasar
Fleire av dei gamle storferasane er utryddingstrua og det er Norsk genressurssenter (NIBIO) som har det overordna ansvaret for vern og berekraftig forvalting av nasjonale husdyrrasar. Kjøt frå urfe blir promotert som eksklusivt kjøt frå dei seks norske, verneverdige mjølkeferasane. Det blir drive ein meir ekstensiv drift i denne produksjonsforma enn i konvensjonell mjølk—og kjøtproduksjonen, med meir bruk av gras og høy i fôrrasjon og mindre bruk av kraftfôr.
I følge NIBIO veks bevaringsverdige storferasar 200 – 300 g saktare pr dag enn Norsk rødt fe. Dyr som veks saktare har tynnare og finere muskelfibrer, og meir intramuskulært fett enn dei som veks raskt. Det blir arbeida aktivt med å bygge opp buskap. Mordyra blir derfor eldre enn vanlege mølkekyr. Både det at dyra veks saktere og at kyrne blir eldre, verkar positivt inn på kjøtkvaliteten.