Utbetaling av erstatning til pelsdyroppdrettarane er forsinka
Landbruksdirektoratet vil utbetale forskot på inntil 90 prosent av bruksverdi eller 75 prosent av tidlegare takst.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 18.11.2022
Oppdatert informasjon finn de på Landbruksdirektoratet sine heimesider, og her finn pelsdyroppdrettarane svar på ofte stilte spørsmål.
Rogaland var det desidert største pelsdyrfylket i Noreg, og per dags dato er det 86 føretak som har søkt om erstatning. Når dei fire siste føretaka har avslutta produksjonen, kjem talet opp i 90 føretak.