Veterinærinstituttet i Sandnes må ikkje bli svekka
I dag er det sendt felles brev til Landbruks- og matdepartementet frå Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen om å ikkje svekke kompetansemiljøet ved Veterinærinstituttet i Sandnes
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fellesbrevet gir klart uttrykk for kvifor dagens fagmiljø på Veterinærinstituttet i Sandnes (VI Sandnes) bør oppretthaldast minst på dagens nivå.
Rogaland er det største husdyrfylket
Ingen stader i landet blir det produsert meir mat enn i Rogaland. Her er om lag 20 prosent av sau og storfe, og opp mot 30 prosent av svin og fjørfe, i landet. Kort avstand mellom husdyrprodusentane og kompetansemiljøet ved VI Sandnes er avgjerande viktig for å sikre dyrehelse og verdiskaping.
Dyrehelse og dyrevelferd i fokus
God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for dyra sjølve, for produksjon av trygg mat av god kvalitet og for økonomien i næringa. I Rogaland har aktørar i heile verdikjeda arbeidd aktivt for auka merksemd og samhandling på temaet. VI Sandnes er ein viktig aktør i dette arbeidet.
Dyrehelse er også framheva som eit sentralt punkt i ny FylkesROS for Rogaland, og i denne samanheng er også det viktige fagmiljøet i Sandnes sentralt. Eksempelvis er det å kunne få ein rask obduksjon lokalt ved sjukdomsutbrot svært viktig.
Klart råd til Departementet
Vi ber om at Landbruks- og Matdepartementet bidreg til at veterinærinstituttet si avdeling i Sandnes blir oppretthalde som i dag.
Fellesbrevet til Landbruks- og matdepartementet er vedlagt.