Mentorordning i landbruket - søk innen 1. desember
Er du heilt fersk bonde, eller skal du kanskje starta med ein heilt ny produksjon eller tilleggsnæring. Da er det jo kjekt å kunne spør nokon som allereie har gjort seg erfaringer om kva som er lurt og mindre lurt i ein slik prosess.
Mentorordninga i landbruket inneber at du som er ny bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eitt år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet, lokal foredling med meir.
Søknadsfristen er 1. desember 2023 for å delta i 2024 for både nye bønder og mentorar
Etter eit treårig, vellukka prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart Mentorordninga i landbruket landsdekkande i 2020. I 2021 deltok 131 nye bønder frå heile landet. I 2022 var talet 136, og i 2023 deltok 145 ferske bønder. Målet er å få med enda fleire i 2024!
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Det blir gjeve økonomisk støtte etter jordbruksavtalen.
Alle deltakarar vert tilknytta ein regionkontakt i NLR. Ved start får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere/ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtes.
Ny bonde og mentor inngår ein formell avtale om kommunikasjon og møter gjennom eitt år. Mentor får godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for nye bønder.