Pærebrann påvist i 15 nye kommunar i 2023
Plantesjukdommen pærebrann spreier seg, og i 2023 blei smitte oppdaga i ei rekke nye kommunar langs kysten. I Rogaland blei bakterien funne for fyrste gong i Sauda, Kvitsøy og Utsira i år.
I 2022 blei det påvist pærebrann i ni nye kommunar i Noreg. Totalt er det altså funne pærebrann i 24 nye kommunar dei to siste åra. Mattilsynet meldar at plantesjukdommen no har spreidd seg til eit svært stort område, og at dette vil få konsekvensar for bekjemping av skadegjeraren.
Stor utbreiing fører til endra handtering av pærebrann
Mattilsynet kjem til å endra handteringa av plantesjukdommen. Dette kan få konsekvensar for dei som driv planteskule og dei som driv med fruktdyrking. Mattilsynet meldar at dei vil få på plass overgangsordningar saman med næringa. Førebels informasjon finn du på Mattilsynet sine nettsider.
Knut Espevig, seniorinspektør i plantehelse i Mattilsynet seier til Bondebladet at no som sjukdomen er påvist i så mange nye kommunar, vil det koma forslag til endringar i forskrifta. Dette blir sendt ut på høyring på nyåret.
I følgje Espevig inneber dagens krav blant anna at det blir stilt krav til planteskuleproduksjon av vertsplantar for pærebrann i område der sjukdommen er påvist. Områda rundt desse produsentane skal ryddast og vere fri for bulke- og pilemispel. Frem til no har Mattilsynet vore ansvarlege for ryddinga, men etter årets påvisningar har det blitt betydeleg fleire produsentar som fell inn under dette kravet. Mattilsynet har ikkje økonomiske ressursar til å rydda så store område.
Pærebrann - ein alvorleg skadegjerar i fruktproduksjon
Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Bakterien er ein av dei store skadegjerarane i eple- og fruktproduksjon i verda. Skadegjeraren har mange vertsplantar, og i Noreg er det funne mest smitte på ulike mispelartar. Sjukdommen er etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre. Smitte blei funne for fyrste gong i komersiell fruktproduksjon i Rogaland i 2020. Hovudmålet for Mattilsynet sitt arbeid med pærebrann har vore å hindra at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon, og til deler av landet der det enno ikkje er funne smitte.