Tilskot ved produksjonssvikt
Trass ei tørr forsommar har 1. slåtten jamt over gjeve gode avlingar. Blir attveksten av slåtteareal særs dårleg etter 2-3 veker, vurder da å melda inn eventuell avlingsskade via AltInn. Ein beitelogg og fôringslogg er god og viktig dokumentasjon ved ein eventuell søknad om tilskot ved produksjonssvikt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Føretak som har produksjonssvikt grunna klimatiske forhold kan søkja om tilskot. Tidlegare heitte denne ordninga erstatning ved avlingssvikt. Du kan få tilskot til svikt i avling av mat- og fôrvekstar på rot. Utgangspunktet for vurderinga om det er produksjonssvikt er gjennomsnittsavlinga i vekstgruppa.
Så snart du trur du får produksjonssvikt, må du melda dette til kommunen via Altinn Melding produksjonssvikt
Du må gjere det du kan for å avgrense skaden og berge avlinga for å ha rett på tilskot. I intensive produksjonar på tørkeutsett jord er vatning forventa.
Beite- og fôringslogg
Det er viktig at du som har grovfôrdyr fører logg over dyr på beite, tilleggsfôring og nullbeiting gjennom sesongen. Dette skal gjerast for å skilje mellom kva som skal inngå i skadeårets avling i søknaden og kva som skal haldast utanfor.
- Husdyra sitt grovfôropptak frå fulldyrka og overflatedyrka areal skal reknast med i avlinga frå i år. Dyreslag og dagar skal førast i beite- og fôringsloggen.
- For dyr som står inne kan du anten føre opp tal rundballar brukt av årets avling, eller tal dyr og fôringsdagar.
- Fôropptak frå innmarksbeiteareal og utmarksbeite skal ikkje takast med i føretaket si avling i skadeåret. Derfor må vi på blanda beite ha prosentanslag over dyra sitt grovfôropptak frå dyrka areal. Diskuter gjerne anslag med kommunen.
- Innkjøpt grovfôr og fjorårets rundballar som gis til dyr som beiter på dyrka areal, må spesifiserast. Dette skal ikkje takst med i avlinga frå i år. Du må oppgi tal rundballar eller prosentfordeling av dyra sitt grovfôropptak.
Skjema med forklaring der du kan føre beite- og fôringslogg finn du her:
Når dyra blir sett inn om hausten, kjem kommunen ut for å måle opp fôrlager / telle rundballar, som da vil utgjer resten av avlinga frå i år.
Utrekning av avlingsskaden
Berre produksjonssvikt som følgje av direkte klimaskader kan gje rett på tilskot .
For føretak som produserer grovfôr til eigne husdyr blir erstatninga rekna ut på grunnlag av fastsett normavling (for søkjars kommune) per dekar. Kommunen og Statsforvaltaren må vurdere om deler av avviket frå norma skyldast anna enn vêrforhold – til dømes plassering, svak gjødsling, gamal eng, beiting, osv.
Dersom søkjaren berre produserer grovfôr for sal, reknast erstatninga ut som andre salsproduksjonar. Gjennomsnittsavlinga blir fastsett på grunnlag av salsdokumentasjon frå dei siste åra.
30 % eigenandel og avlinga i skadeåret blir trekt frå.
Sum erstatning reknast ut frå føretaket sitt areal og gjeldande sats for veksten.
Avgrensingar
- Tilskot blir berre gitt når klimabetinga avlingstap er over 30 % av gjennomsnittsproduksjonen i vekstgruppa.
- Maksimal utbetaling er
- 750 000 kroner per vekstgruppe for grovfôr og korn
- 1,5 mill. kroner per vekstgruppene for frukt, bær, potet og grønsaker
- Den nedre grensa for utbetaling av tilskot er 5 000 kroner i samla utbetaling til føretaket.
Søknad og regelverk
Søknadsskjema og relevant regelverk er tilgjengeleg på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Søknadsfristen er 31. oktober.
Søknaden går til kommunen, som sjekkar opplysningane. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden og fattar vedtak.
Kontaktpersoner
-
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74