Bruksstruktur ute av kontroll?
I ei tid med fokus på kostnader i landbruket er det viktig å ta opp eit tema som bruksstruktur. Vi erfarer at det er manglande fokus på bruksstruktur når kommunar skal godkjenne leigekontraktar, og også når det gjeld vurdering av konsesjonssaker ved kjøp av tilleggsjord.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bruksstruktur var eit tema i juleutgåva til Bondevennen, og det var påstand om at eigedomsstrukturen i aukande grad har blitt fragmentert. Det blir mellom anna etterlyst fokus på transportkostnad ved behandling om bruksrasjonaliseringssaker. Etter avtale med Bondevennen ligg artikkelen i sin heilskap vedlagt her.
Stadig meir leigejord
I ein artikkel publisert på SSB si nettside mai 2021 kom det fram at jordleige er stadig meir utbreidd, medan det totale jordbruksarealet i drift har halde seg relativt stabilt i perioden.
Vi kan elles lese av tala at Rogaland har lågast del leigejord, med eit snitt på 36 % leigejord (2019). Dette er logisk sett ut frå at Rogaland er eit særs aktivt jordbruksfylke, med omfattande husdyrhald og kamp om grovfôrgrunnlag og spreieareal. Mykje leigejord gir normalt lenger avstand mellom driftssenter og jord i drift. Det er meir krevjande å frakte grovfôr og husdyrgjødsel over lange avstandar enn det til dømes er i typiske korndistrikt.
Bruksrasjonalisering er typisk ved sal av eigedom
Vår erfaring er at fleirtalet av landbrukseigedomar for sal blir selde til andre bruk som tilleggsjord, og det blir stimulert til dette gjennom regelverket. Seljar får halde igjen heile eller delar av tunet, og kan få aksept for høgare pris på jorda ved sal som tilleggsjord gjennom konsesjonsregelverket. Fleire faktorar spelar inn når det gjeld kven som gjer slike kjøps-avtalar, og det er kommunen som skal vurdere om avtalen gir ei god løysing på lang sikt når dei behandlar konsesjonssaka. Ofte blir det gode løysingar gjennom avtalar som er gjort, og mange gangar skjer salet til nokon som har leigd og drive areal ei tid allereie, og det skal noko til for at kommunen skal gripe inn. Men vi har samstundes inntrykk av at kommunar i større grad bør vurdere å nekte konsesjon ut frå omsyn til rasjonell drift, arrondering og bruksstruktur.
For lite fokus på struktur og kostnader
Når vi etterlyser meir fokus på bruksstruktur meiner vi eigentleg fokus på det å avgrense kostnader i næringa. I nemnte artikkel i Bondevennen er det vist til døme på kostnader når det gjeld transport av gjødsel, sjølv når det er korte avstandar. Ut frå dei utfordringar med aukande kostnader i næringa, og også av omsyn til klima, bør kommunane i større grad søke å oppnå gode driftsmessige løysingar ved godkjenning av leigekontraktar og behandling av konsesjonssaker. Assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes understrekar i Bondevennen «at regelverket er tydeleg og kommunane har dei verktøya dei treng».
Deling, sal og erverv
Ved saker som fører til permanente endringar, altså deling, sal og konsesjon er det ekstra viktig å sjå til det blir gode, permanente løysingar. Det er kommunane som delingsmynde og som kan gje avslag til deling og sal av tilleggsjord dersom det er bruk som framleis bør vere eit sjølvstendig bruk. Her speler tilhøve som ressursgrunnlag, busetting og omsynet til bruksstruktur inn, mellom anna sett opp i mot kor i regionen eigedomen ligg. Det skal ikkje vere automatikk i å få delingsløyve, sjølv om det kan sjå slik ut sett ut i frå det store talet på saker vi har på bruksrasjonaliseringar. Det skal likevel merkast at sal av jord som tilleggsjord bidreg til meir eigd jord, noko som er eit landbrukspolitisk mål. Med om lag 10 000 landbrukseigedomar og 4100 landbruksforetak i Rogaland er det ikkje grunn til å tru at strukturrasjonaliseringa vil avta med det fyrste.
Om det blir gitt delingsløyve, er det i ei eventuell delingssak etter både plan- og bygningslova og jordlova at det må sytast for at ikkje bustadtomta blir for stor og at ikkje meir ressursar enn naudsynt blir halde att frå jordbruket. Når areala er frådelte og saka går vidare til søknad om konsesjon for sjølve ervervet, har kommunen høve til å gje avslag om det ikkje fører til ei driftsmessig god løysing. Dei fleste kommunane set som vilkår i delingssaka at det blir gitt konsesjon og ervervet blir gjennomført, om ikkje fell delingsløyve bort etter 3 år. Får ikkje kjøpar konsesjon, må jorda seljast til andre aktuelle som kan få konsesjon. Det er relativt få klagesaker på avslag på konsesjon hos Statsforvaltaren, noko som kan indikere at det er sjeldan at kommunane nytter høvet til å gje avslag. Det er også etter vår erfaring berre unntaksvis at det blir gitt avslag på bruksrasjonalisering av di bruket bør oppretthaldast som eige bruk.
Leigeavtalar
Det følgjer av jordlova § 8 at det er driveplikt på alt landbruksareal, og denne kan oppfyllast ved å leige ut arealet. Som det går fram her på Landbruksdirektoratet sin nettstad og av rundskriv M-2/2021 kapittel 7, skal avtalar mellom partar vere skriftlege, har ein varigheit på minst 10 år av gangen og føre til driftsmessig gode løysingar. Avtalane skal sendast til kommunen, og i følgje rundskrivet kap. 7.5.1.2 skal kommunane utan ugrunna opphald ta stilling til om vilkåra er oppfylte.
Privatrettslege forhold
Om det er bønder som har utfordringar med arrondering, servituttar, ønskje om felles tiltak over fleire eigedomar, oppløysing av sameige eller liknande som kan betre dei driftsmessige forholda på eigedomen, så ligg det ei rekke verkemiddel i jordskiftelovgivinga. Informasjon om sakstyper, saksgang mv finst her. Næraste jordskifterett kan rettleie om saksgang og prosess.