Nasjonal jordvernpris 2023 - kandidat frå Rogaland?

Statsforvaltaren ønskjer forslag til kandidatar frå Rogaland som fortener nasjonal jordvernpris 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.01.2023

Føremål og målgruppe

Stortinget vedtok i 2015 ein nasjonal jordvernstrategi, og strategien blei oppdatert av regjeringa i samband med stasbudsjettet 2019. Eit av tiltaka i jordvernstrategien var å etablere ein nasjonal jordvernpris. Jordvern er blitt eit stadig meir tidsaktuelt tema, og kommunane har i mars 2022 fått eit tydeleg jordvernbrev på statsrådane Bjørn Arild Gram og Sandra Borch.

Statsforvaltaren er på ny utfordra om å sende kandidatar frå eige fylke til Landbruks- og matdepartementet innan 1. april i år. Departementet skriv mellom anna følgjande på si nettside:

«Jordvernprisen skal framheve og motivere til nyskapende tiltak og planer, som legger godt til rette for at kommunene i mindre grad omdisponerer dyrka mark og finner gode alternativ i planleggingen.»

Korleis føreslå kandidat?

Statsforvaltaren i Rogaland ønskjer grunngjeve forslag til kandidat. Kandidatar må vere kommune eller fylkeskommune (eventuelt i samarbeid med andre aktørar) som du meiner fortener årets jordvernpris.

Forslag må bli sendt oss innan onsdag 17. mars 2023.

Statsforvaltaren vil vurdere innkomne forslag og fremje ein kandidat frå Rogaland til den nasjonale jordvernprisen 2023. Dette vil bli vektlagd:

  • Konkrete, oppnådde resultat
  • Ambisiøse, planlagde tiltak
  • Gode informasjonsprosjekt
  • Nyskapande prosjekt og verktøy for jordvern
  • Integrering av jordvernomsyn i ulike prosessar
  • Andre forhold som tilseier at jordvern blir prioritert høgt

Sjå elles statuttane i høgremargen.

Forslag kan sendast elektronisk til:

sfropost@statsforvalteren.no og fmroaro@statsforvalteren.no   

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner