NIBIO-webinar om kunnskapsgrunnlag for jordvern
Gjekk du glipp av NIBIO sine webinar om jordvern? Du kan du sjå dei i opptak her, og lære meir om korleis du kan nytte NIBIO sitt kart Kilden, databaser og statistikk i arealforvaltninga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
November 2021 arrangerte NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) to webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern, saman med Statsforvaltarane i Agder og Rogaland. Tema for webinara var NIBIO sitt kart Kilden til arealinformasjon, databasar og statistikk som er nyttig for kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga. Det ble godt oppmøte på webinara, som passer for både tilsette i kommunen og alle som er engasjert i arealforvaltning. For andre interesserte enn dei som fekk deltatt, er vi glade for å kunne tilby webinara i opptak.
Kunnskapsgrunnlag for jordvern del I: Kva er AR5, arealbarometer, Kilden til arealinformasjon?
På del 1 av webinaret var følgjande tema:
- Arealressurskartet AR5 og kva som kjeneteikner dei ulike typane dyrka jord
- Vurdering av jordkvalitet i område som ikkje er jordsmonnkartlagt ved bruk av klimasoner og eigenskapar i AR5
- Dyrkbar jord og aspekt ved nydyrking
- Måling av faktisk nedbygd jordbruksareal og omdisponeringstala
- Arealbarometer, statistikk for produksjonsgrunnlaget for jordbruk på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå
- Demonstrasjon av kartløysinga Kilden til arealinformasjon og verktøya
Sjå webinaret i opptak her:
Kunnskapsgrunnlag for jordvern del II: Korleis nyttegjere seg av jordsmonnskart?
På del 2 av webinaret var følgjande tema:
- Jordmonnkart for kommunar kor dette er utarbeida
- Bruk av jordsmonnkart for verdsetting av jord når jordressursen skal vegast opp mot andre omsyn
- Praktisk bruk av jordsmonnkart i arealplanlegginga
- Jordmonndanning og jordeigenskaper
- Jordvern i eit langsiktig perspektiv
Sjå webinaret i opptak her:
Kontaktpersoner
-
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13