Også landbruket må redusere nedbygginga av matjord
– Landbruket må også ta sin del av ansvaret, sa Sandra Borch på konferansen om jordvern i landbruket som blei arrangert 5. desember. Bodskapen kom også fram av andre innlegg i møtet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette var eit felles arrangement mellom Landbruks- og Matdepartementet. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Landbruksnæringa må sjølve bidra
Det blei lagt fram tal frå SSB og NIBIO som viser at landbruksnæringa sjølve står for opp mot 20 prosent av nedbygginga av dyrka jord. Leiarane, både i Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, var tydelege på at landbruket må bidra. Samstundes blei det framheva at det er forskjell på å bygge nytt fjøs for matproduksjon, og det å bygge bustader, vegar og parkeringsplassar på matjord. Frå Landbruks- og Matdepartementet blei det opplyst at jordvern i landbruket vil inngå i ny nasjonal jordvernstrategi som blir lagt fram våren 2023.
Slik gjer vi det i Rogaland
Anfinn Rosnes frå Statsforvalteren deltok som innleiar. Han viste til døme frå kommunar på Jæren som har retningsliner i kommuneplanen knytt til det å unngå bygging av landbruksbygg på dyrka jord. Han framheva at Rogaland, som har så stor del av husdyra i landet, vil ha behov for mange nybygg i tida som kjem, og at det å unngå bygging på matjord blir viktigare enn nokon gang. Det må også vere merksemd på det å rive gamle bygg. Rosnes viste fram gode og dårlege døme frå Rogaland når det gjeld plassering av nye bygg. Han framheva at kommunane må ha meir fokus på kva som faktisk er eit nødvendig bygg i landbruket, eksempelvis når det gjeld lagerbygg/maskinhus.
Tap av matjord meir i fokus
Jordvern blir eit sentralt tema i 2023, der målet er redusert tap av matjord uansett føremål.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13