Praktisering av jordlova i fokus
Fylkesmannen skal føre tilsyn med at føresegnene i jordlova blir haldne, i tillegg til å bidra til at kommunane følgjer opp nasjonale mål og retningsliner. Fylkesmannen vil derfor be om å få kopi av avgjerder etter jordlova i nokre kommunar frå neste år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Jordlova regulerer viktige nasjonale område. Departementet har lagt til grunn at det er behov for ein heimel som gir Fylkesmannen fullmakt til å pålegge rapporteringsplikt i blant anna saker etter jordlova. Departementet har derfor innført ein slik heimel i jordlova § 3.
Departementet har uttrykt at det er grunn til å tru at fleire kommunar har ein praksis som kan føre til at viktige nasjonale omsyn står i fare for å ikkje bli tilstrekkelig ivaretatt. Samstundes blir grunnleggande rettstryggleikselement svekte, som til dømes prinsippet om likebehandling og prinsippet om å kunne vurdere sin rettslege situasjon på førehand.
Informasjonsbrev som er sendt kommunane finn du i høgremargen. Dei kommunane som blir pålagt å sende inn vedtak i 2016 vil få eit eige brev om dette seinare.