Webinar om nye reglar for landbrukseigedomar i dødsbu
Den 1. januar 2022 tredde endringar i arvelova § 99a i kraft. Dette inneber at landbrukseigedomar i dødsbu har krav om at heimelen til eigedomen skal overførast innan tre år. Kommunane har fått i oppgåve å sjå til at slike dødsbu blir avhenda. Vi inviterer derfor til eit webinar der vi i korte trekk går igjennom kva endringane i arvelova § 99a er, og kva oppgåver som ligg til kommunen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Endringane i arvelova inneber at kommunane har fått nye og viktige oppgåver.
Landbruksdirektoratet sende 20.12.2021 brev til kommunane med informasjon om kva endringane i arvelova § 99a er, kor kommunen kan finne meir informasjon, lenke til rettleiar og forslag til varslingsbrev. Brevet er utgangspunktet for webinaret, og vi rår deltakarane om å gå igjennom brevet og rettleiaren før webinaret.
Vi viser elles til Landbruksdirektoratet si heimeside her: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/alle-veivisere-for-eiendom/konsesjon-pa-eiendom/landbrukseiendom-i-dodsbo
Program:
10:00-10:10 Velkommen til webinar v/ Anfinn Rosnes
10:10-11:00 Gjennomgang av endringane arvelova § 99a og rettleiaren v/Rune Lian
11:00-11:30 Spørsmål og dialog
Slik deltar du
Du deltar på webinaret med å trykke på lenka under. Det vil bli gjort opptak slik at dei ikkje kan delta kan sjå webinaret i ettertid. Opptak blir tilgjengeleg i eigen nettsak etter webinaret.
Ingen påmelding.
Microsoft Teams-møte
Bli med fra datamaskin eller mobilapp
Bli med på en videokonferanseenhet
416417760@t.plcm.vc
Videokonferanse-ID: 125 736 084 9
Finn ut mer | Møtealternativer
Kontaktpersoner
-
Rune Lian
Tlf: 51 56 87 54 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13