Får ikkje plante juletre på matjord på Karmøy
Statens landbruksforvaltning har i brev av 22.03.2013 stadfesta Fylkesmannen sitt overprøvingsvedtak, fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på dyrka jord. Saka gjeld omdisponering av 50 dekar jordbruksareal til juletreproduksjon i Karmøy kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Juletresatsinga i Rogaland har vore ein suksesshistorie, med stor auke i tilplanta areal dei siste åra. Fylkesmannen ser positivt på at det blir satsa i denne næringa, som eit viktig inntektsbidrag i landbruket.
Det har ved fleire høve vore diskusjonar om bruk av jordbruksjord til juletreproduksjon, og Fylkesmannen har klårt fremja synspunkt om at fulldyrka jord i beste klimasone må nyttast til matproduksjon. Det er stort potensial for auka juletreproduksjon i Rogaland utan å ta i bruk fulldyrka jord i aktive jordbruksområde.
Staten landbruksforvaltning (SLF) meiner som Fylkesmannen at omdisponeringsvedtaket, som blei fatta av Hovedutvalg teknisk den 19.10.2012, er i strid med jordlova. Det er lagt vekt på at fulldyrka jord bør nyttast til matproduksjon. I grunngjevinga er det mellom anna vist til det nasjonale målet om auka matproduksjon. Samstundes er det signalisert at det kan aksepterast omdisponering av det arealet som ikkje er fulldyrka jord.
Eit tema i denne konkrete saka har vore at leigetakar har sagt opp leigekontrakten, og at jorda er i dårleg stand og vassjuk. SLF har her vist til at grunneigar har plikt til å drive jorda sjølv eller ved bortleige. Det har også kome fram i saka at juletrenæringa er eit viktig satsingsområde. SLF har her vist til følgjande uttale i Stortingsmelding 9 (2011-2012):
"Produksjon av juletrær gir nye muligheter for norske bygder og norsk landbruk, bl.a. som grunnlag for sysselsetting med relativt besjedne produksjonsareal. Samtidig kan juletrær dyrkes på arealer som i tradisjonelle landbrukskulturer blir betraktet som marginale, og mulighetene er særlig gode i kyst- og fjordstrøk"
Fylkesmannen i Rogaland oppfattar klageavgjerda i SLF som ei stadfesting av at vår restriktive haldning når det gjeld det å nytte matjord til juletreproduksjon er i tråd med nasjonal politikk. Ein politikk som også kommunane må følgje opp.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13