Plantehelseregelverket og flytting av jord
Mattilsynet har sendt brev til kommuane i Rogaland for å informere om regelverket som gjeld dersom matjord skal flyttast. Målet er å hindre at planteskadegjerarar blir spreidd i samband med flytting av jord.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I Rogaland er det stor aktivitet med utbygging og anleggsverksemd og ofte blir mykje matjord flytta. Plantehelseregelverket skal hindre at planteskadegjerar blir spreidd i samband med flytting av jord. Kommunane som planstyresmakt har ansvar for å sikre at skadegjerarar ikkje blir spreidde.
Det er forbode å spreie planteskadegjerarar som til dømes kvit og gul potetcystenematode, lys ringråte i potet, potetkreft og rød marg i jordbær. I tillegg er det eigen forskrift om floghavre. Dersom jord skal flyttast, må ein få avklart kva status jorda har. Ta kontakt med Mattilsynet lokalt for å få oversikt over kva restriksjonar det eventuelt er på jorda.