Lyst til å bli vår nye kollega?
I fjor fekk bøndene i Rogaland utbetalt 2,1 milliardar kroner i tilskot. God forvaltning er avgjerande både for bonde og stat. Vår kjære Sissel skal gå av med pensjon, og vi treng hennar etterkommar til å følgje pengestraumen og arbeidet som skjer hjå Statsforvaltar og kommune. Nysgjerrig? Ta kontakt – søknadsfristen er 8. oktober.
Vår nye kollega skal arbeide med tilskot og kontroll. Det betyr både å støtte kommunane med informasjon og rettleiing, og gjennomføre forvaltningskontrollar for å sjå til at forvaltninga skjer etter offentleg regelverk og eigen internkontroll.
Vi treng deg som har gode samarbeidsevner og som kan arbeide sjølvstendig, strukturert og løysningsorientert. Vi ser for oss at du har utdanning og erfaring innan til dømes agronomi, juss, rekneskap og kvalitetsrevisjon, eller ein kombinasjon av desse. Du har kunnskap om landbruket.
Gode kollegar og fasilitetar
På landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Rogaland arbeider du saman med 21 kollegaer som dekker eit breitt fagområdet på landbruk. Vi liker å seie at vi er av den realistiske, optimistiske og engasjerte sorten. Kontorfasilitetane er gode, og Statens hus ligg nært Stavanger sentrum og kollektivknutepunkt.
Ta gjerne kontakt
Les gjerne heile stillingsannonsen på Jobbnorge.no: Rådgivar/seniorrådgivar - tilskot og kontroll (249154) | Statsforvaltaren i Rogaland (jobbnorge.no) Ønskjer du høyre meir om arbeidsoppgåvene ta kontakt med kst. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, mobil nr. 48 14 72 13 og kst. ass. landbruksdirektør Monica Dahlmo, mobil nr. 45 65 28 33.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66