Invitasjon til Matsmiå 2015
Velkomen til spennande og lærerike dagar på MatSmiå 11.-12. mars på Karmsund vgs i Haugesund. Ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og kompetanseheving!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kjende matfolk kjem for å inspirere og dele kunnskap:
Kristin Bendixvold, Rørosmat
Steinar Sørli, Åmot Operagard
Hanne Frosta, lokalmatentusiast, og tidlegare eigar og drivar av Hanne på Høyden
|
Til å leie kursa har vi fått med oss desse kapasitetane: Bodil Nordjore (takkebakst), Hanne Frosta (smakar og tilbehør), Jarle Lundal (spekemat), Berit Martinsen (syltetøy og gelear), kokkar frå Gastronomisk Institutt (smarte koketips) og Frode Kristensen (få varene fram). |
Programmet finn du i margen på høgre side.
Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, auka kompetanse og styrka nettverk mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.
Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; matprodusentar, foredlingsverksemder, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat, tilsette innan offentleg forvalting og andre interesserte.
Pris for deltaking:
- Alternativ 1: Inspirasjonssamling og kurs 2 dagar, inkl. lunsjar kr 1900
- Alternativ 2: Kun inspirasjonssamling første dagen, inkl. lunsj kr 1000
- Felles middag på Hagland gard 11. mars kr 500
Bindande påmelding innan 1. mars til www.deltager.no/matsmia_2015
For meir informasjon:
Aase Vorre Skuland tlf 450 15 282 aase.vorre.skuland@nofima.no
Eli Munkeby Serigstad tlf 414 18 510 eli.serigstad@fylkesmannen.no
Arrangørar:
Fylkesmannen i Rogaland, Kompetansenettverk for lokalmat Sør og Vest, Bygdeutvikling Haugalandet, Karmsund vgs og Innovasjon Norge.